Slik jobbar Ullensvang kommune med å ta Google-DPIAen frå 80 til 100 prosent - bli med på arbeidsmøte

Bli med på eit arbeidsmøte der KS hjelper Ullensvang kommune med å fylla ut personvernkonsekvensdelen av DPIAen. Dette inneber gjennomgang og vurdering av risikoscenario.

KS har publisert personvernkonsekvensvurderinga (DPIAen) for bruk av Google Workspace for Education i skolen i ein 80 prosent-versjon. Det er opp til skoleeigar som behandlingsansvarleg å ferdigstilla dei siste 20 prosentane.

Når DPIAen skal fyllast ut, er det ein del val kommunar må gjera som behandlingsansvarlege, som ikkje det nasjonale prosjektet kan gjera på deira vegner.

Som ein del av rettleiingstilbodet til kommunane, har KS tilbode å gi kommunar og skoleeigarar råd på direkten, og køyra dette som webinar, slik at andre òg kan læra. 

Her kan du melde deg på webinaret. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sjå opptak frå arbeidsmøta med Ullensvang

Ullensvang kommune er ein av kommunane som har fått denne typen rettleiing. Gjennom to arbeidsmøte har KS, saman med Ullensvang kommune, fylla ut versjonen deira av Google-DPIAen og identifisert ting kommunen må jobba meir med før den kan ferdigstillast. 
 
Dette er eit arbeid som endå ikkje er ferdig. På nettsidene til KS Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. finn du opptaka frå arbeidsmøta, og du kan melda deg på det neste webinaret (del tre av arbeidsmøta). 
 

Her finn du arbeidsdokumentet som er jobba med  Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

 

Publisert

Fant du det du lette etter?
Til toppen Til toppen

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev