til ,
Velkommen til å delta i innsiktsarbeidet for Digihelsestasjon!
DigiVestland har sett i gang ei innsikts- og behovskartlegging for å identifisere behov og forbetringsområde knytte til Digihelsestasjon i kommunar. Dokumenterte behov vil samanliknast og meldast inn til Norsk helsenett som grunnlag for prioritering og vidareutvikling av løysinga. Som ein del av dette arbeidet inviterer vi kommunar frå heile landet til å bidra med innsikt og erfaringar.
Arrangør: DigiVestland | Målgruppe: kommunar som nyttar Digihelsestasjon i stor eller lita grad, både i og utanfor Vestland fylke. |
|---|
For å supplere innsikta som allereie er innhenta, ønskjer vi no å samle inn kvantitative data frå kommunane. Dette skal bidra til å styrkje avgjerdsgrunnlaget, belyse behov og problemstillingar frå fleire perspektiv og kvalitetssikre dei førebelse funna frå kartlegginga.
Datainnsamlinga vil bestå av ei spørjeundersøking som blir send ut til alle deltakarar i etterkant av dette møtet.
Vi ønskjer deltaking frå kommunar som nyttar Digihelsestasjon i stor eller lita grad, både i og utanfor Vestland fylke.
Dere vil få tilsendt spørjeundersøkinga i etterkant av møtet. Denne kan vidaresendast innanfor kommunen til relevante medarbeidarar.
All innsikt som inngår i sluttrapporten vil bli anonymisert, og det vil ikkje vere mogleg å identifisere enkeltpersonar eller kommunar i rapporten.
Dersom det er andre i kommunen som de meiner bør delta, set vi pris på om invitasjonen blir vidaresend. Vi ser fram til å høyre erfaringane og innspela deira.
Med vennleg helsing
Kristin Hansen Reiestad og Marie Van den Bergh
Ta gjerne kontakt med oss dersom de har spørsmål eller ønskjer meir informasjon:
| Ikon som illustrerer filtype | Filnavn | Filstørrelse | Datofil ble lastet opp |
|---|
Publisert
Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt
Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev