• Plan, bygg og geodata

Webinar om nasjonal arealplanbase (NAP)

Webinaret om NAP blir halde 3. mars kl. 10.00–11.00.

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) tok 1. januar 2026 over ansvaret for å formidla og distribuera arealplanar frå Kartverket.

På webinaret vil DiBK orientere om DiBK si satsing på Fellestjenester plan, korleis synkroniseringa mot kommunale planregister fungerer, og korleis ein får tilgang til plandata frå DiBK NAP. Til slutt blir det høve til å stille spørsmål.
 
Distribusjonen skjer no gjennom Fellestjenester plan og bygg, og tenesta heiter DiBK NAP. DiBK gir teknisk rettleiing til kommunane om oppkopling og oppdateringar. Kartverket held fram med å gi fagleg rettleiing om digitalt planregister og vektordata, men gir ikkje lenger teknisk støtte til NAP. Kommunane skal framleis føre digitalt planregister i tråd med forskrifta, men dei skal frå 2026 ikkje lenger sende inn årsversjonar av vektordata til Kartverket.
 
Du kan gjerne sende inn spørsmål på førehand til ftb@dibk.no, og merk e-posten med webinar.

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev