Endeleg får vi éi felles legemiddelliste

Då fastlege Jan Robert Johannessen fekk høve til å pilotere Pasienten si legemiddelliste (PLL) i Sør-Rogaland, takka han ja. Han ønskte å få praktisk erfaring med løysinga før den breie innføringa i Helse Vest.

– Med Pasienten si legemiddelliste får vi endeleg eit verktøy som samlar alle legemiddeloppføringane i éi felles liste. Det gir oss mykje betre moglegheit til å overføre korrekt informasjon til neste behandlar, seier Jan Robert Johannessen.

Johannessen sit i prosjektgruppa til PLL Vest, og er ein av fastlegane som skal hjelpe kolleger i Sogn og Fjordane, Fonna-regionen og Sør-Rogaland med å kome i gang med PLL, gjennom webinarer som blir arrangerte i oktober. Opplæringa er obligatorisk for å kunne starte med PLL. Du får kompensasjon for å delta, og du får óg betalt for oppretting av dei 300 første PLL'ane.

Les om korleis du melder deg på opplæringa her. Lenke til et annet nettsted.

Enkelt å kome i gang

Erfaringa til Johannessen så langt er at det er enkelt å kome i gang med PLL på legekontoret.

– Sjølve løysinga fungerer fint. Det handlar om å aktivere ei innstilling i Sentral forskrivingsmodul (SFM) og deretter aktivere PLL for pasientane.

Innføringa av PLL i det heile er meir komplisert. Det vil ta tid når både fastlegar, sjukehus, spesialisthelsetenesta, sjukeheimar, heimesjukepleie og apotek skal ta i bruk nye arbeidsmåtar og rutinar. Men dei som enno ikkje har teke i bruk PLL, kan òg bidra.

Avhengige av at alle bidreg

Som ein av dei første brukarane av PLL har Johannessen erfart kor viktig det er at alle bidreg til å halde legemiddellistene oppdaterte. Han understrekar at helsepersonell kan bidra allereie no gjennom god forskrivingskultur.

– Så langt har eg ofte måtta korrigere legemiddellister etter sjukehusopphald eller behandling hos andre aktørar. Dersom alle unngår dobbeltforskrivingar, oppdaterer reseptar når dosar blir endra og seponerer reseptar som ikkje lenger skal brukast, blir det mykje mindre ryddearbeid seinare.

Betre oversikt over behandlinga til pasientane

For fastlegen har PLL allereie gitt konkrete gevinstar. Aktivering av PLL inneber at det blir gjennomført ei legemiddelsamstemming. Det har gitt han betre oversikt over kva legemiddel pasientane hans faktisk bruker.

– Når eg går gjennom legemiddellista saman med pasienten, får eg ofte betre kontroll over behandlinga. Nokre gonger oppdagar vi òg forhold som gjer at vi bør justere behandlinga. Samstundes får sjukehuset tilgang til ei legemiddelliste dei i større grad kan stole på.

Ein viktig gevinst er at PLL òg omfattar legemiddel som ikkje nødvendigvis har ein aktiv resept, til dømes hormonspiral eller legemiddel som blir administrerte på sjukehus. Dermed blir fleire relevante opplysningar tilgjengelege for dei som behandlar pasienten vidare.

Oppmodar fastlegar til å starte no

Rådet hans til kollegaer som no skal ta i bruk PLL, er enkelt:

– Start med pasientar som har eit mindre samansett behandlingsforløp. Jo fleire som tek i bruk PLL og bidreg til å halde listene oppdaterte, desto større blir gevinsten for både pasientar og helsepersonell. Dette er eit viktig steg mot ei tryggare og meir samanhengande legemiddelbehandling, seier Jan Robert Johannessen.

Filer tilgjengelige for nedlasting
Ikon som illustrerer filtype Filnavn Filstørrelse Datofil ble lastet opp

Publisert

Fann du det du leita etter?

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev