DigiVestland etablerer ny arbeidsgruppe for framtidas oppvekst

DigiVestland er i gang med å etablera ei arbeidsgruppe som skal kartleggja og prioritera framtidige arbeidsområde for faggruppe oppvekst.

I desember sende sekretariatet ein førespurnad til alle kommunane om frikjøp av to rådgivarar til oppdraget. Fristen for å melda interesse var 17. januar. Fire kommunar og to IKT-samarbeid meldte si interesse: Øygarden, Kvinnherad, Alver, Sveio, IKT Nordhordland og SYSIKT.

Sekretariatet har no gjennomført samtaler med dei aktuelle kommunane/IKT-samarbeida for å bli betre kjent med rådgivarane og erfaringane deira. Samtalene har gitt sekretariatet eit godt grunnlag for å vurdera kven som skal frikjøpast til oppdraget. Sekretariatet har sendt ut tilbod til to rådgivarar. 

Oppdraget til arbeidsgruppa

Oppdraget til arbeidsgruppa er å utvikla og gjennomføra ein prosess som sikrar representativitet og innverknad frå kommunane i det vidare arbeidet i faggruppa. Arbeidsoppgåvene inkluderer å setja seg inn i strategien for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skule, og samtidig gjennomføra innsiktsarbeid og innspelsprosessar i kommunane for å definera DigiVestland oppveksts framtidige arbeid. 

Engasjementet har eit omfang på ca. éin dag i veka over ein periode på to månader, med oppstart rundt april. 

Her kan du lesa meir om oppdraget

Publisert

Fant du det du lette etter?
Til toppen Til toppen

Besøksadresse
Rådhusgaten 10
5014 Bergen, Norway

Ansvarlig redaktør: Lars Longva
Daglig leder: Simen Soltvedt

 

Meld deg på Digivestlands nyhetsbrev