– Dette er første gong diginettverka gjer noko saman, alle saman. Vi klarer nå å løfta alle kommunane uavhengig av storleik og tilknyting til nettverk, seier Hans Ivar Festad, nettverksleiar for Digi Innlandet og med i arbeidsgruppa for anskaffinga.
Denne studiepakka er til alle kommunane i Noreg, sjølv om dei har vore med på Kompetanseløftet, fortel Festad vidare.
Kompetanseløft for heile Kommune-Noreg
Kompetanseløftet i digital transformasjon som vart gjennomført mellom toppleiarar i kommunane, blir nå utvida til å omfatta fleire nivå av kommunetilsette. Alle diginettverka er med i anskaffinga som er finansiert og vil bli tilgjengeleg for fri bruk for alle kommunar. KS har òg bidrege med midlar til prosjektet.
– Kompetanse er særs viktig for å få til ei god og trygg digitalisering av kommunale tenester framover. Vi svarer på den nye digitaliseringsstrategien med denne anskaffinga, seier Festad.
Arbeidsgruppa bak anskaffinga har vore Hans Ivar Festad frå Digi Innlandet, Rune Hauge frå Digi Rogaland, Ingeborg Johnsrud Dyrnes frå Digi Møre og Romsdal, Tove Bech frå Digi Vestland og Ann Helen Moum frå Kristiansand kommune.
Kristiansand kommune, ved Moum, har hovudansvaret for sjølve anskaffinga på vegner av alle diginettverka.
Slik blir studiepakka
Rammeverka frå Kompetanseløftet - Digital modnad og Organisatoriske kapabilitetar utvikla av Pernille Kræmmergaard som blir formidla gjennom DI2X-digitaliseringsinstituttet blir vidareførte i den nye sjølvstudiepakka.
Studiepakka består av fire temaområde: strategi, teknologi, organisasjon og leiing. Kvar modul inneheld ei innføring i fagstoff, korte og pedagogiske videoar, refleksjonsoppgåver og praktiske tips. Innhaldet er tilpassa behovet til kommunane, og med mål om å knyta læringa til konkrete utfordringar i arbeidskvardagen.
Med kontrakten signert startar DI2X-digitaliseringsinstituttet og Mediafarm utviklinga av modulane, og heile pakka skal vera klar innan tidleg vår 2025.
– Vi vil samarbeida tett med diginettverka gjennom heile produksjonsprosessen og sørgja for at kommunane får god informasjon om framdrift, innhald og lansering, fortel Eirin Folde, leiar for DI2X-digitaliseringsinstituttet i Noreg.