Visjonen som ligg til grunn i digitaliseringsstrategien til regjeringa er ein enklare kvardag for innbyggjarane, gjennom gode og tilgjengelege digitale tenester. Meir effektiv bruk av ressursar, auka produktivitet og digital transformasjon er mykje av kjernen i strategien, samtidig som deling og gjenbruk av data gjennom nasjonale fellesløysingar. 

 

Innsatsområda i DigiVestland

For å følgja opp arbeidet frå nasjonale føringar og strategiar på digitaliseringsfeltet, har DigiVestland valt å fokusera på fire innsatsområde: 

Kompetanse

DigiVestland har etablerte faggrupper og nettverk innanfor ulike fag- og tenesteområde. Gjennom desse deler VI erfaringar og byggjer felles kompetanse som kvar enkelt kommune får tilgang til. Målet er å sikra tilstrekkeleg tilgang på kompetanse og kapasitet innanfor digitalisering for alle kommunane i Vestland. 

Konsept- og prosjektforslag 

Når vi deler erfaringar og samlar kompetansen, er det lettare å identifisera felles utfordringar og behov. Ved å fremja gode konsept- og prosjektforslag skal DigiVestland vera ein aktiv bidragsytar til utviklinga av innovative løysingar innan kommunal sektor. 

Felles digitale løysingar 

Vi legg til rette for og koordinerer innføring av nasjonale digitale fellesløysingar som kan brukast på tvers av kommunegrenser, og som bidreg til at offentlege tenester oppfattast samanhengande og einskapleg for brukarane. Erfaringsdeling og samordna 

Samhandling 

Faggruppa og nettverka i DigiVestland arbeider aktivt for styrkt samhandling regionalt. Gjennom felles møter og prosjekt og kompetansedeling sikrar VI open dialog og effektiv deling av informasjon. I tillegg til regional samhandling, deltak DigiVestland også aktivt i nasjonale faggrupper, nettverk og prosjekt. På denne måten fungera DigiVestland som eit bindeledd mellom nasjonalt og lokalt nivå, og bidreg til effektiv deling kunnskap og informasjon til kommunane.