Skildring
Digital postkasse er ei sikker digital løysing for å få og oppbevara viktig post frå det offentlege. Gjennom digital postkasse kan innbyggjar få viktig post frå det offentlege digitalt. Den digitale postkassa er personleg og gratis, og innbyggjar kan trygt lagra posten så lenge vedkomande ønskjer.
Gevinstar
- Innbyggjer kan få brev frå til dømes Statens vegvesen, Forsvaret, NAV, kommunen, Politiet og mange andre etatar på éin stad.
- Digital post er raskare, billigare og meir miljøvenleg enn brev på papir.
- Digital postkasse er sikkert. Innbyggjer kan få brev med sensitiv informasjon som ikkje kan sendast på vanleg e-post fordi det ikkje er trygt nok.
Kva må vera på plass for å ta i bruk løysinga?
Digdir har laga ei oversikt som viser steg for steg for korleis ta i bruk digital postkasse.