Målet med ein felles kommunal arkitektur er å bidra til auka heilskapleg tenking og samanhengande digitale tenester, samtidig som dette vil vera eit nøkkelverktøy for digitaliseringa av sektoren. Felles kommunal arkitektur vil bidra til standardisering, harmonisering og gjenbruk av mellom anna tenester, arbeidsprosessar, regelverk, datamodellar og IT-løysingar.
Prosjektet er no i konseptfasen som går frå mai til august 2024. Denne fasen har tre leveransar som inneber behovskartlegging, løysingsbeskriving og beskriving av styringsmodell. Konseptet som blir jobba med er etablering av ein «Nasjonal allmenning» for å tilby infrastruktur, design og kunnskap til kommunal og fylkeskommunal sektor.
24. – 25. september arrangerer KS seminar om arbeidet i prosjektet. Seminaret er retta mot alle målgrupper som har ei interesse i å lære- og eventuelt bidra til felles kommunal arkitektur. Her kan du lesa meir og melda deg på seminaret.