Føremålet med tilskotet er å leggja til rette for etablering av eit lågterskel rettleiingstilbod der innbyggjarar med liten, eller ingen digital kompetanse, kan få hjelp og rettleiing for å ta i bruk digitale verktøy og digitale tenester. 

Tildelinga føreset ein plan for vidare drift og finansiering etter tilskotsperioden, slik at rettleiingstilbodet kan bli varig etablert ut frå behova hos ulike målgrupper i kommunen(e). Kommunen(e) må stå som ansvarleg søkjar overfor direktoratet, men tiltaket kan utførast i samarbeid med andre kommunar eller med hjelp frå frivillige organisasjonar.

Her finn du meir informasjon om tilskotet og korleis søkja.

Søknadsfrist: Fredag 20. juni 2025 innan kl. 24.00.