Alle sektorar og forvaltningsnivå blir i dag utfordra av digitaliseringa som stadig aukar i omfang, kompleksitet, kostnader og risiko. Utfordringane blir ytterlegare forsterka når talet på fellesløysingar aukar, fleire tenester er samanhengande på tvers av sektorar og forvaltningsnivå, samtidig auka behovet for å strukturera data og bruke kunstig intelligens. Det er ei rørsle frå å ha interne digitale støttesystem mot digitale tenester til innbyggjarana.

Alle kommunar er på denne «digitale modnadsreisa», som påverkar dei fleste sider av samfunnsoppdraget. Dette krev kloke leiarar med tilstrekkeleg forståing for korleis teknologi, digitalisering og omgivnadene (økosystemet) driver frem omstilling og påverkar kommunane. Strategi, leiing, organisering og korleis ein leverer tenestene til brukarane endrar karakter.

Prosjektet har levert eit konsept for digital transformasjon og styringsgruppe vedtok overgang til planleggingsfasen med leveranser i 2025 og 2026.

Status per juni 2024

Arbeidsgruppa har greidd ut konsept for kompetanseløft for digitaltransformasjon i Vestland. Konseptet foreslår fagleg innhald, pedagogikk, tidsramme og budsjett. Kompetanseløftet har avhengnad mot nasjonal anskaffing. Kompetanseløftet byggjer på ønske om å byggja kapasitetar i kommunane som kan forvalta programmet for regionen.