Prosjekteigar Ole-Jørgen Jondahl, rådmann i Ullensvang, fortel: «Kompetanseløft digital transformasjon er ei av dei store satsingane til Digivestland i 2025. Målet er å styrke leiargruppene si evne til å leia og utvikla verksemdene sine når krav og kompleksitet til digitalisering aukar.»
Prosjekte søker nå etter ressursar som kan vere med å planlegge og gjennomføra eit undervisningsopplegg hausten 2025. Det vil vere ei blanding av sjølvstudie, samt fysiske og digitale samlingar. Det heile bygger på eit nasjonalt rammeverk som skal tilpassast kommunane i Vestland. DigiVestland treng flinke folk som kan vere med å førebu innhald på dei fysiske samlingane og leia kursdeltakarane gjennom kursinnhaldet.
Høyrest dette spennande ut? Meld din interesse på e-post.
Prosjektleiar Kenneth Sangolt lokkar med:
«Dette er spanande fagleg arbeid. All di tid blir kompensert, din arbeidsgjevar tapar ikkje noko på å låne deg ut. Innsikta du oppnår kan nyttast i eigen organisasjon og vil ikkje gjera skam på CV’en din.»
Har du lyst å høyra meir eller ta ein uformell prat. Ikkje nøl med å ta kontakt:
Kenneth Sangolt
Prosjektleiar
kenneth.sangolt@oygarden.kommune.no
41 47 63 19
For meir informasjon, les om initiativet her.