Skildring

Kontaktregisteret er eit nasjonalt grunndataregister for opplysingar om innbyggjarars digitale kontaktinformasjon og reservasjonsstatus. Det skal nyttast ved varsling og til å sjekka reservasjonsstatus. Kontaktregisteret gir deg mobilnummer og e-post til innbyggjarane i Noreg slik at du kan senda post og varslingar digitalt. Du ser kven som har reservert seg mot digital kommunikasjon, kva for ei digital postkasse dei eventuelt har valt, og kva språkpreferanse dei har.

Kva må vere på plass før ein kan ta i bruk løysinga?

Digdir har laga ei oversikt som viser steg for steg korleis kommunen kan ta i bruk løysinga. 

Sjå oversikta her.

Kor mykje kostar løysinga?

Bruken av Kontaktregisteret er gratis. Kunden dekker eigne kostnader med integrasjon mot løysinga.

Oppdatert informasjon om pris finn du på Digdirs sider