Med den nye modellen betaler kommunane eit beløp til grunnfinansiering uavhengig av tal tenester dei bruker. I tillegg betaler kommunen ein tenestepris for kvar teneste dei tek i bruk. Grunnfinansieringa skal dekkja utgifter som er tenesteuavhengige og felles for alle. Tenesteprisane skal dekkja drift, forvaltning og vidareutvikling av kvar enkelt teneste. 

Les meir om ny prismodell på KF DIF sine nettsider.