Prosessen starta med ei strategisamling i januar og utarbeiding av eit kunnskapsgrunnlag. Gjennom forankring på mange ulike arena og ein endeleg innspelsrunde frå kommunane vart kunnskapsgrunnlaget vedteke. Dette er lagt til grunn for utarbeiding av utkast til ny avtale.  

Status per juli 2024

Utkastet til ny samarbeidsavtale vart sendt frå KS den 5. juni. KS gjennomførte eit frukostmøte den 11. juni der prosess og avtale vart gjennomgått. Frist for innspel vart sett til 30. juni.  

Det vart meldt innspel frå 18 kommunar via Region Nordhordland IKS/Kommunedirektørutvalget i Region Nordhordland og SYSIKT, i tillegg til to enkelt kommunar. Tre kommunar hadde ikkje innspel og stadfesta behandling av avtalen i eigen kommune til hausten. Innspela vil bli behandla over sommaren og sak til eige styringsgruppemøte den 28. august vil bli utarbeidd.