Det er i dag krevjande å søkja om byggjeløyve. Søkjar må forhalda seg til eit komplisert regelverk, der utegløymde opplysningar kan føra til unødvendige forseinkingar i søknadsprosessen. For saksbehandlar kan manglande informasjon føra til misforståingar og meirarbeid.
Kommunar får i dag byggjesøknader via e-post, papir og digitale løysingar. Det ligg eit potensiale føre i å auka andelen digitale byggjesøknader.
Innsiktsarbeid identifiserer moglegheiter og tiltak
For å identifisera potensialet og formålstenlege tiltak har to konsulentar frå Capgemini, på vegner av faggruppe for plan bygg og geodata i DigiVestland, gjort eit omfattande innsiktsarbeid. Dei har intervjua 13 kommunar, fire leverandørar av eByggesøk, leverandørar av eByggesak og DiBK.
Hovudfunn frå innsiktsarbeidet tilseier at det er stort potensiale for å henta ut fleire gevinstar i digitaliseringa av byggjesøknader. Det er behov for å forenkla søkjeprosessen for søkjar, noko som igjen vil gi auka bruk. Ei vidare digitalisering av byggjesaker vil forenkla og effektivisera kvardagen for tilsette i kommunen og søkjer, og dessutan heva kvalitet i alle ledd av søknadsprosessen.
Hausten 2024 jobbar faggruppa vidare med å implementera fleire av dei foreslåtte tiltaka som er beskrivne i sluttrapporten “Øke innsikt i og kunnskap om utfordringsbildet og potensialet knyttet til bruk av digitale byggesøknader”. Faggruppa vil starta med å implementerer tiltak 1, 2, 3 og 9 av totalt 9 foreslåtte tiltak.
Nysgjerrig på kva tiltaka inneber? Rapporten finn du nedst i artikkelen.