Svindlarar og cyberkriminelle er ekspertar i å lura folk og dei vil gjera alt i si makt for å vinna tillita til offeret. Dette kan dei gjera ved å mellom anna forfalska e-postadresser og nettsider for å stå fram som ein aktør eller person du stoler på. Svindlarar speler òg på frykt og freistingar når dei prøver å svindla nokon, og dei jobbar metodisk over tid for å få tilgang til informasjonen dei er ute etter.
Sosial manipulering kan ramma menneske i dei fleste kommunikasjonskanalar. Både på e-post, telefon og tilnærming gjennom sosiale medium. Fellesnemnaren for alle er at dei jobbar målretta for å lura deg til å gi frå deg sensitive opplysingar.
I si trusselvurdering for 2024 uttalte PST at fleire cyberaktørar bruker stadig meir tid og ressursar på å kartleggja utvalde mål. Dei utnyttar i større grad det menneskelege aspektet og bruker tid på å utvikla eit tillitsforhold til offeret, før dei prøver å lura vedkomande til å trykkja på ei vondsinna lenke eller eit vedlegg. Dei verkar meir truverdige og blir vanskelegare å avdekkja. Dei bruker kontaktflater som LinkedIn, Instagram, WhatsApp og Telegram, i tillegg til e-post og SMS.
Ver varsam på uventa førespurnader på sosiale medium
Falske brukarkontoar er svært vanleg i sosiale medium, og svindlarar gjer seg flid med å få desse til å verka legitime og truverdige. Dersom ein framand prøver å koma i kontakt med deg, senda deg noko eller leggja deg til som ven på sosiale medium, bør ein utvisa aktsemd. Dette kan vera svindlarar som er ute etter dei personlege og arbeidsrelaterte opplysingane dine. Ta eit steg tilbake og vurder kvifor denne personen prøver å koma i kontakt med deg.
Ver på vakt dersom nokon ber deg om å lasta ned noko
Last aldri ned noko på jobbeiningane dine utan å avklara dette med in IT-avdeling på arbeidsplassen. Gå heller aldri inn på lenker du er usikre på eller nettstader som verkar suspekte
Svindlere speler på frykt
Kriminelle aktørar speler ofte på frykt for å skremma deg til å ta avgjerder før du rekk å tenkja deg om. Dette kan vera alt frå eit falskt betalingsvarsel, at tinginga di blir stoppa, at ei pakke blir returnert – eller at dei private bileta dine er på avvegar. Her gjeld det å bevara roa og tenkja seg som og vurdera om dette verkeleg stemmer – ikkje gjer noko forhasta før du har fått tenkt deg om og undersøkt saka nærare.
Svindlarar speler på tillit
Svindlere gir seg òg ofte ut for å vera nokon vi stoler på. Dette kan mellom anna vera politi, Forsvaret, banken din eller andre autoritetar. Desse kan ringa frå truverdige (men forfalska) telefonnummer og snakkar gjerne godt norsk. Viss nokon kontaktar deg ut av det blå og ber deg gi frå deg sensitive opplysingar bør du vera skeptisk. Her kan det vera lurt å ringa opp den påstått avsendaren for å sjekka om dette stemmer.
Svindlarar speler på freistingar
Har du fått ein e-post som seier at du har vunne den nyaste iphonen? Har du fått beskjed om at du har vunne eit større pengebeløp? Eller har du kanskje fått ein e-post som seier at du kan få investera i kryptovaluta for ein svært billig penge? Dersom ein førespurnad verkar for godt til å vera sant, er han som regel det.
Nye svindelmetodar
Sjølv om kunstig intelligens (KI) ikkje er noko nytt, har det vore ei eksplosiv utvikling innan generativ kunstig intelligens som ChatGPT og andre grunnmodellar det siste året.
Nokre grunnmodellar kan brukast til å generera deepfakes som lyd eller bilete.2
Gode råd viss du skulle bli lurt
Det er inga skam å bli lurt. Svindlarar er ekspertar på å lura menneske og mange blir ramma. Viss dette skulle skje, er det viktig å handla raskt, slik at ein kan avgrensa skadeomfanget.
Dersom du mistenkjer at du har vorte lurt til å gi frå deg sensitiv informasjon om deg sjølv eller arbeidsplassen din bør du setta i verk følgjande tiltak:
- Har du oppgitt bank eller kredittkortopplysingar? Ta straks kontakt med banken din
- Har du oppgitt påloggingsopplysingar og passord? Skift passord omgåande. Dersom dette har skjedd med brukarkontoen din på jobb, må du òg straks varsla din arbeidsgivars IT-avdeling
- Har du delt andre sensitive opplysingar om arbeidsplassen din? Då bør du òg varsla arbeidsgivaren din og melda avvik
Vedlagt ligg plakatar dykk kan laste ned og bruke som bakgrunn eller printe ut og henge opp på kontoret.