Status per juli 2024

Utkastet til ny samarbeidsavtale vart sendt frå KS den 5. juni. KS gjennomførte eit frukostmøte den 11. juni der prosess og avtale vart gjennomgått. Frist for innspel vart sett til 30. juni.  

Det vart meldt innspel frå 18 kommunar via Region Nordhordland IKS/Kommunedirektørutvalget i Region Nordhordland og SYSIKT, i tillegg til to enkelt kommunar. Tre kommunar hadde ikkje innspel og stadfesta behandling av avtalen i eigen kommune til hausten. Innspela vil bli behandla over sommaren og sak til eige styringsgruppemøte den 28. august vil bli utarbeidd.   

Me gjengir her eposten frå Frode Kyrkjebø, og viser til vedlegga elles. 

E-post send til kommunedirektørane og ordførarane i kommunane

Til kommunedirektørar og ordførarar i Vestland

DigiVestland er eit samarbeid mellom 40 kommunar i Vestland, etablert i 2020. Samarbeidet bygger på tidlegare samarbeidsstrukturar i Hordaland og Sogn og Fjordane om digitalisering i kommunal sektor. Gjennom DigiVestland skal kommunane få støtte til å handtere og utnytte den digitale utviklinga, tilpasse dei nye løysingane i fellesskap, og ta dei raskt og effektivt i bruk. Dagens samarbeidsavtale om DigiVestland går ut 31. desember 2024.

For å legge til rette for fortsett samarbeid om digitalisering i Vestland, har sekretariatet og ei operativ styringsgruppe jobba med å utarbeide eit kunnskapsgrunnlag og utkast til ny samarbeidsavtale. Kunnskapsgrunnlaget har vore sendt til kommunane for innspel og er no vedteke. Formålet med denne utsendinga er å gje kommunane informasjon om utkast til ny samarbeidsavtale og høve til å kome med innspel. Vedlagt denne e-posten finn de [vedlegg finns nedst i artikkelen, red.adm.]:

  1. Informasjonsskriv om prosessen og utkast til ny samarbeidsavtale
  2. Vedlegg 1 - Utkast til ny samarbeidsavtale for DigiVestland
  3. Vedlegg 2 - Kunnskapsgrunnlag for ny samarbeidsavtale
  4. Vedlegg 3 - Politisk orienteringssak til bruk i kommunane 

Fylkesstyret og kommunedirektørutvalet i Vestland handsama sak om ny samarbeidsavtale i møte 28. mai, i møtet vart det uttrykt at "DigiVestland er strategisk viktig for å realisere kommunane sine målsettingar innan digitaliseringsområdet." Og at "Fylkesstyret og kommunedirektørutvalet i Vestland rår kommunane i Vestland til å delta i DigiVestland, gjennom å inngå ny samarbeidsavtale gjeldande frå 1. januar 2025".

Vidare vedtok fylkesstyret og kommunedirektørutvalet i Vestland følgjande: 

Fylkesstyret og kommunedirektørutvalet i Vestland ber om at avtaleutkastet vert sendt til kommunane for innspel og oppmodar kommunane om å gje innspel til ny samarbeidsavtale for DigiVestland. Fylkesstyret ber kommunedirektørutvalet i Vestland om å følgje opp arbeidet med ny samarbeidsavtale."

Ein håpar no at så mange som mogleg vil gje innspel til ny samarbeidsavtale ved å nytte følgjande skjema: https://forms.office.com/e/41vG7efhjX. Fristen for innspel er 30. juni. Ein god prosess med gode innspel no, er med å forenkle og sikre framdrift i arbeidet mot iverksetting av ny avtale hausten 2024.  

KS Vestland og DigiVestland invitera også til digitalt informasjonsmøte om DigiVestland, utkast til ny samarbeidsavtale og prosessen. Møtet er 11. juni klokka 08:50-09:00 på Teams. Bruk denne lenka for delta: Lenke til digital deltaking på informasjonsmøte om DigiVestland og utkast til ny samarbeidsavtale, 11. juni klokka 08:50. De skal ha fått eigen kalenderinvitasjon til møtet tidlegare. 

Om de har spørsmål til prosess eller utkast til ny samarbeidsavtale, kan de kontakte DigiVestland v/Tove Bech på: tove.bech@bergen.kommune.no  / +47 95 27 90 40.   

 

Med helsing,
Frode Kyrkjebø
Dagleg leiar, Vestland