Berre legg inn informasjon du kan dela offentleg: Når ein legg inn informasjon i system utanfor kontrollen til kommunen, kan det du skriv bli tilgjengeleg for andre. Det er derfor viktig at du ikkje legg inn informasjon som er teiepliktig.
Ver kjeldekritisk: System som bruker kunstig intelligens kan ta feil avgjerder, og innehalda feilaktige data. Du bør ikkje stola på resultat frå kunstig intelligens, utan å sjekka om svaret er rett.
Ver varsam: Det er viktig å tenkja over kva ein bruker kunstig intelligens til. Fordi at informasjonen kan bli delt og brukt på nye måtar, kan det òg føra til skade for den informasjonen gjeld. Til dømes kan det føra til diskriminering eller at nokon ikkje får ein rett dei har krav på. Kunstig intelligens skal ikkje brukast til å ta viktige avgjerder, eller til å ta avgjerder om andre.
Følg di kommune sine retningslinjer for bruk av KI.
Vil du læra meir om kunstig intelligens?
Ta gjerne kurset Elements of AI. Kurset passar for deg som vil læra om kva kunstig intelligens (KI) er, korleis KI blir utvikla, og kva teknologien kan (og ikkje kan) brukast til. Det er utvikla av mellom anna NTNU, og tilrådd av Digdir.
Vedlagd finn du plakatar som kan lastast ned og brukast som bakgrunn eller printast ut og hengast opp på kontoret.