I åra framover vil helse- og omsorgsoppgåvene veksa mykje meir enn ressursane. Det blir mange fleire eldre, samtidig som det blir knappleik på arbeidskraft og strammarar offentlege budsjett 

Målgruppe: kommunalsjefar, leiarar og mellomleiarar i helse- og omsorgstenestene i kommunane.  

På webinaret vil deltakarane få innsikt i verktøy, strategiar og prosessar som kan støtta omstilling. I tillegg vil fleire kommunar dela erfaringane sine. 

Therese Sivertsen, spesialrådgivar for innovasjon i KS, innleier om innovasjonsguiden som draghjelp i omstilling. Møteleiar er Bjørn Sjøvold, regiondirektør i KS Akershus, Buskerud og Østfold. 
 

Meld deg på her!