Bakgrunn
Tryggleiksmånaden er ei årleg, internasjonal satsing for å auke kunnskap og løfte engasjementet for digital tryggleik i alle verksemder. Mange aktørar tilbyr ulike aktivitetar gjennom heile oktober, og DigiVestland ynskjer å bidra så kommunane kan få enkle verkemiddel til å gjennomføre tiltak. I DigiVestland har me i år valt å setje fokus på phishing, sosial manipulering, sikker bruk av e-post og KI.
Trusselaktørar finn stadig meir avanserte metodar for å gjennomføre dataangrep mot kommunal sektor, og både antall angrep og kompleksitet aukar. Årets trusselvurderingar frå PST, NSM og Forsvaret slo fast at kommunal sektor er attraktive mål for angriparar. Det kan være heilt avgjerande å heve grunnkompetansen innanfor informasjonstryggleik og IT-kriminalitet for å styrke tryggleikskulturen og auke medvitet blant ansatte og ledere.
DigiVestlands bidrag til tryggleiksmånaden
Denne pakken vert sendt til medlemskommunane, og dekkjer alle fire tema i tryggleiksmånaden:
- Fire artiklar – til publisering på til dømes intranett. Artiklane vert og publisert på DigiVestland sine nettsider.
- Fire plakatar – til å henge på veggen, i heisen eller andre stader, med digitale versjonar som kan brukast til bakgrunnsbilete på pc-en eller andre eniningar
- Invitasjon til fire eksterne foredrag på Teams gjennom oktober (invitasjonar sendt faggruppe PV og IS, IT-drift, operative kontaktpunkt og lagt i DigiVestland sin kalender på nettsidene)
- Tips om andre ressursar som kan brukast ved gjennomføring av tryggleiksmånaden i kommunen.
Webinar
DigiVestland tilbyr i år følgjande webinar:
Uke 40
2. oktober 2024 kl. 10.00-11.00 (digitalt)
«Teknologi og trusselbildet endrer seg» v/fagdirektør Raymond Andre Hagen fra DigDir
Uke 41
9. oktober 2024, kl. 12.00-13.00 (digitalt)
«Hvordan drepe en papirtiger» om hvordan unngå at styringssystemet bare havner i en skuff, v/Eli Sofie Amdan, Advisense
Uke 42
18. oktober 2024, kl. 10.00-11.00 (digitalt)
«Avanserte cyberoperasjonar - kva kan me læra?» v/Simen Bakke, Senior informasjonstryggleiksrådgivar frå Politiets IT-eining
Uke 43
25. oktober 2024 kl. 10.00-11.00 (digitalt)
Generativ AI, muligheter og utfordringer v/Eirik Solheim
Fleire tips til ressursar som kan brukast
Ynskjer du å gjere enda meir ut av markeringa? Her er fleire ressursar du kan bruke i gjennomføringa:
E-læringskurs for leiarar og tilsette
For å auke kompetansen hjå tilsette, tilrår me desse e-læringskursa som KINS har laga.
- For tilsette:
Grunnleggande informasjonstryggleik – modul 1
Truslar frå IT-kriminelle - modul 3
- For leiarar:
Informasjonstryggleik for leiarar - modul 7
Truslar frå IT-kriminelle - modul 3
Kursene finner du på e-læringssidene til KINS.
Kva med å bruke tryggleiksmånaden som startskudd for å setje tryggleik på agendaen og gjennom resten av året?
Då kan du bruke KS sin «Veiviser for å hindre dataangrep og digitale hendelser»
Kampanjen består av ti tema – der eitt vert tema rulla ut per månad i totalt ti månader. Kvar månad har eit klårt budskap, og målet er å sikre at dei tilsette endrer vaner.
Ynskjer du å styrke personvernet og informasjonstryggleiken i skule- og barnehagesektoren?
Prosjektet SkoleSec i KS har utvikla fleire opplegg for kultur- og kompetanseutvikling i barnehage og skule om personvern og informasjonstryggleik.
På denne sida finn du korte videoleksjonar om personvern og informasjonstryggleik med oppgåver, dilemmatrening og forslag til vidare arbeid med tilrådde ressursar. Du vel den rolla som passar din jobb best : Videoleksjoner - KS
Anna
Du kan og følgje med på NorSIS sin videopodcastserie gjennom tryggleiksmånaden.
Lykke til med årets gjennomføring