Fagnettverk for HR har fått ny form

Heim/ Digitaliseringsnettverk for HR/ Aktuelt/ Fagnettverk for HR har tatt ny form

I 2022 har det vært jobba med å etablera eit fagnettverk for HR i ny form, og nettverket er no aktivt gjennom eit samarbeid med KS.

I møte den 18.02.22 deltok representant frå Askøy, Bergen, Bjørnafjorden, sekretariatet i Digivestland og ansvarlig for HR nettverket i KS. Konklusjonen blei då at det var behov for å redusera antal møtearenaer innan HR, men at DigiVestland har ein viktig rolle då dei fleste kommunane i DigiVestland er representert i dette samarbeidet.

KS har no saman med DigiVestland fasiliterar ei arbeidsgruppe som består av representantar frå Bergen, Bjørnafjorden, Bømlo, Gloppen, Høyanger og Stord. Samarbeidet har som mål å engasjer fleire kommunar slik at fagnettverket kan leve opp til strategiene i DigiVestland om å byggja ein arena som leggjer til rette for erfarignsdeling, og etablering av eit sterk fagmiljø innan HR og drift.

DigiVestland og KS gjennomførte sitt første felles møte for HR og driftsleiarar 20 mai. 2022. I møtet ble samarbeidet mellom Digivestland og KS presentert, og deltakarane blei kjent med Digivestlands struktur og strategi i ein presentasjon av Kjetil Århus som er leiar for styringsgruppa i DigiVestland.

Arbeidsgruppa hadde sitt første møte 30 september 2022, og neste møte i arbeidsgruppa er allereie 8 november i forbindelse med ei større HR samling i regi av KS.