Strategi

Framside / Strategi

Visjon

Gode, likeverdige og berekraftige tenester

Vi vil at folk skal ha tilgang til gode og likeverdige tenester, uavhengig av kva for kommune dei bur i. Tenestene må òg vere berekraftige med tanke på både økonomi, miljø og tilgjengeleg arbeidskraft.

Overordna effektmål

Effektiv digitalisering i kommunane

Ved å gå saman i eit digitaliseringssamarbeid skal kommunane kunne handtere og utnytte den digitale utviklinga. Vi skal tilpasse dei nye løysingane i fellesskap, og ta dei raskt og effektivt i bruk.

Innsatsområde

Mål: Tilstrekkeleg tilgang til kompetanse og kapasitet innafor digitalisering

Mål: Gode konsept- og prosjektforslag blir identifiserte og fremja

Mål: Effektiv innføring av nye nasjonale og regionale løysingar

Mål: God samhandling regionalt og nasjonalt, med open dialog og informasjonsflyt

Ressursar og arenaer

I dei nasjonale prosjekta jobbar vi for at funksjonane, utbreiinga og bruken av løysingane går raskare og blir betre for kommunane og innbyggjarane.

Regionale prosjekt handlar om å utvikle regionale løysingar eller å løfte regionale initiativ til nasjonalt nivå.

Faggruppene utgjer regionale kompetanseorgan og arbeidsgrupper som blir nytta til prosjektarbeid og deling av kunnskap og erfaring.

Regionale strukturar og prosessar samt arenaer og kultur for samarbeid er organisatoriske ressursar vi utviklar og drar nytte av.

Styringsdokumenta består av samarbeidsavtalen samt regionale og nasjonale strategiar og planar.

Her har vi samla ei oversikt over relevante verktøy og metodar, inkludert verktøy vi sjølve har utvikla.

Digi Vestland har fleire prinsipp som fortel noko om korleis vi skal prioritere og løyse oppgåvene.

Suksessfaktorane hjelper oss med å vektlegge dei rette tinga for at resultatet av arbeidet skal bli vellykka