Digital plan- og byggesaksbehandling 

Over halvparten av de profesjonelle byggesøknadene er no digitale. Meir enn 200 kommunar har tatt i bruk eByggesak som saksbehandlingssystem. Med eByggesak kjem digitale byggesøknadar rett inn i saksbehandlingssystemet, og reduserer dermed arbeidet med å legge inn og arkivere data, og sikrar rett informasjon med ein gong.


Har de ikkje tatt i bruk eByggesak enda? Om de kan ta det i bruk eller ikkje, er avhengig av saksbehandlingssystemet de brukar. Ta kontakt med leverandør, så de kan vurdera å oppgradera, eller gå til anskaffing av nytt system. Fagsystema bygger på den nasjonale produktspesifikasjonen som beskriv eByggesak, altså eit rammeverk med krav som settast til løysingane som leverandør skal yte gjennom systema sine.


ePlansak er under utvikling, og ein er i ferd med å få på plass fleire løysingar også på planområdet. ePlansak skal setta tilsvarande rammer for digitalisering av planprosessen. Produktspesifikasjonen er på plass, og kan – og bør – nyttast ved anskaffing. Du kan lese mykje meir om ePlansak og eByggesak på KS sine sider.


I 2023 skal DigiVestland, med støtte frå Statsforvaltaren, arbeide for å auke kunnskapen om digitale løysingar for byggesøknadar. Ein skal også utarbeida ein felles framgangsmåte for korleis ein kan auke del byggesøknadar som kjem digitalt inn til kommunane i Vestland.

Faggruppe for plan, bygg og geodata skal halde ei fagdag i vår, med digitale byggesøknadar som tema. Tid og stad kjem på nettsida til DigiVestland om ikkje så lenge.

Er du interessert i meir informasjon? Ta kontakt med leiar i faggruppe plan, bygg, geodata, Arne Magne Håvardstun. E-post: Arne.Havardstun@bergen.kommune.no