Informasjonstryggleik 

Vellukka digitalisering er avhengig av god informasjonstryggleik. Det er ei føresetnad at innbyggarane har tillit til tenester og IT-system det offentlege nyttar.


Gjennom eforvaltningsforskriften §15 blir det stilt krav til at kommunane har satt informasjonstryggleik i system. God informasjonstryggleik krev planlegging før ein set i gang, god utføring, kontroll og forbetring undervegs. Og gode avslutningar eller overgangar til dømes ved bytte av system.


Det finst ein heil del hjelp til kommunane i arbeidet. Digitaliseringsdirektoratet med fleire har utarbeida ein nettside med god rettleiing i arbeidet med informasjonstryggleik. Har du fagansvar i din kommune? Meld deg på Nettverk for informasjonssikkerhet – NIFS. Her er mykje god informasjon og hjelp til arbeidet.


Har kommunen din hatt beredskapsøving innan informasjonstryggleik? Vurdert kva de skal gjera dersom pleie- og omsorgssystemet går ned i fleire timar, eller arkivsystemet blir hacka? Kva gjer de om ein tilsett klikkar på ei lenke som låser heile kommunen? Det er pålagd i lov å gjennomføra øvingar også på dette området, men kanskje ikkje så vanleg. Det er derimot svært viktig å ta truslane om brot på informasjonstryggleiken på alvor i tida som kjem, og øving er ei måte å gjera det på. Det finst ein øvingsportal, ovelse.no, som gir deg hjelp til å gjennomføre beredskapsøving – heilt gratis!

Har de særskilte ønskjer for samarbeid og hjelp til arbeidet med informasjonstryggleik? Send svært gjerne ei melding til DigiVestland v/Simen Soltvedt, og gi beskjed. E-post: simen.soltvedt@bergen.kommune.no