KOBO - Kommunal bustad 

Kommunen som profesjonell utleigar av bustadar, er eit krevjande fagfelt, og mange tenester i kommunen er engasjert i arbeidet. Bustadadministrasjonen er gjerne personavhengig, og kompetansen kan vera vanskeleg å erstatta. Ei undersøking i kommunane viser at mykje av arbeidet blir gjort i manuelle lister og på e-post.


Målet med Kobo er at det skal bli enklare å søkja om kommunal bustad, og søknadsprosessen skal bli raskare. Søkjar skal få enklare innsyn i eigen sak, trygg behandling av personopplysingar, meir eigna bustad og betre oppfølging. For saksbehandlar skal det bli enklare å fatte vedtak, finne og tildela eigna bustad, sikre rett oppfølging av leigetakar, og administrera leigeforholdet.


Kobo er gratis å ta i bruk, så det er i seg sjølv ikkje ei hindring. Det kan komme kostnadar dersom kommunen ønskjer å sette opp integrasjon til andre fagsystem, som FDV-system eller arkiv. Husbanken står klar til hjelpe deg gjennom sjølve innføringa av KOBO, både planlegging, opplæring og oppstart.

Kan hende har din kommune allereie satt i gang? I så fall gler me oss til fortsettinga og til å dela erfaringar med dykk! Har de lyst til å vera med på reisa? Neste runde er til hausten, men det er berre til å melda interesse allereie no.