Pasientens legemiddelliste

I Digitaliseringsbrevet skriv KDD om fleire tiltak innan e-helse. Det skjer mykje på dette fagfeltet, og det skjer raskt. Det er mål om store endringar i åra som kjem, til det beste for innbyggjarane og tenesteytarar. Samhandling er eit nøkkelord, og nye tenester og funksjonalitet skal på plass.


«Pasientens legemiddelliste» er eit av tiltaka som skal sikre betre oppfølging av innbyggjarane. Det er eit stort program, og arbeidet skal gå over lang tid, men vil levere undervegs. Programmet omfattar:







Når alt er på plass skal Pasientens legemiddelliste gi éin felles digital oversikt over kva legemiddel pasienten bruker. Målet er mellom anna å redusere legemiddelfeil, særleg i overgangane mellom verksemdene i helsetenesta, som kommune til spesialisthelseteneste og sjukehus.


Bergen kommune testar løysinga, som gjer at DigiVestland kan følga prosjekta tett, og vil gi meir informasjon på nettsida i tida som kjem.

Vil du lese meir om pasientens legemiddelliste? Direktoratet for e-helse har mykje nyttig og god informasjon.