Innsyn i nasjonale fellesløysingar

Heim/Innsyn i nasjonale fellesløysingar

Lurar du på kor mykje dine innbyggjarar nyttar dei nasjonale fellesløysingane kommunen har sett opp? DigiVestland har utvikla ei innsynsløysing som enkelt vil gi denne oversikta. Nå vil DigiVestland dele med resten av landet, og har løfta saka inn i KS sin struktur. I første omgang er målet å få opp saka opp i det nasjonale Digitaliseringsutvalet.

Det vil ha stor nytteverdi for kommunane, dei regionale nettverka, og for nasjonale aktørar å ha tilgang til statistikk som gjer tydeleg korleis løysingar frå til dømes Fiks eller Altinn blir brukt. For kommunane kan tal nytta eSigneringsoppdrag, eller tal timebestillingar som er gjort via DigiHelsestasjon, gi betre fundament for vegval, og for å måla gevinstar av digitalisering.

Portalen som er under utvikling samlar datasett frå ulike aktørar, og set det saman i eit oversiktsbilete der ein kan søkja seg fram til statistikk per kommune, per fylke eller nasjonalt. I første runde er det eit augneblinksbilete ein klarar å henta ut av datasetta, som så langt blir levert av Digitaliseringsdirektoratet, KS og Norsk helsenett. Korleis ein kan få på plass sanntidsinformasjon, og fleire datasett, er eit arbeid som skal gjerast når det er avklart om dette har potensiale for å bli drifta nasjonalt.

DigiVestland har levert ei førebels portal, og brukar nå samstyringsstrukturen for å føra saka vidare. Samstyringsstrukturen startar med dei regionale faggruppene, som har representantar i KS sine faggrupper. KS-faggruppene tilrår at saker kjem opp i Digitaliseringsutvalet, som igjen førebur og melder saker opp til KommIT-rådet. KommIT-rådet består av leiarar frå kommuner og fylkeskommuner, og rådgir KS i sine avgjerdsle. I saka som blir lagt fram skal ein ta stilling til vidare utvikling av løysinga, og ev. drift og forvalting av denne framover.

DigiVestland tilbyr å vera bidragsytar i vidareutviklinga, og sekretariatet ser fram til å jobba med kommunane for å få i stand eit verktøy som kan vera til praktisk nytte for digitaliseringa i åra som kjem. I mellomtida kan du få ein liten forsmak på noko liknande hos Digdir: Kommune | Samarbeidsportalen (digdir.no)