Arbeidspakke 2 - Digital heimeoppfølging

Heim/faggrupper/faggruppe e-helse/arbeidspakkar/arbeidspakke 2 - Digital heimeoppfølging

Involverte 



Tema: Helsetenester med digital heimeoppfølging

Prosjektleiar E-helse Vestland: Kari E. Bjørkheim

Prosjektkoordinator: Per Waardal

Periode: 2021- 2025

Sunnfjord kommune administrerer  og gjennomfører eit av dei 16  nasjonale prosjekta som tek del  i det nasjonale programmet for spreiing av digital heimeoppfølging. Programmet er initiert og delvis finansiert frå Helsedirektoratet. InnoMed gir  prosessrettleiing til utviklingsarbeidet.
Det er ei nasjonal satsing som ligg til grunn. Programmet skal bidra til at kommunar, medrekna fastlegar, i samarbeid med helseføretak skal ta i bruk digital heimeoppfølging. Dette for å sikre eit godt tenestetilbod for kronisk sjuke og betre ressursutnytting på tvers av tenestenivå og sektorar. Målgruppa er pasientar med vesentleg behov for koordinering på tvers av sektorar og er knytt til auka meistring, pasientoppleving og ressursbruk. I utprøvinga har det hovudsakeleg vore pasientar med KOLS, diabetes, hjartesvikt, psykiske lidingar og kreft, men siktemålet er at fleire pasientgrupper skal få nytte godt av dette tilbodet.
Digital heimeoppfølging skal bidra til heilskaplege og samanhengande tenester. Videre skal det bidra til auka meistring og sjølvstende for brukaren, tidleg oppdaging av  forverring, betre helse, lågare ressursbruk for tenestene og gjere helse- og omsorgstenestene betre istand til å møte morgondagens behov.
Sunnfjord kommune  har søkt tilskotsmidlar og deltaking i det nasjonale prosjektet  på vegne av 34 kommunar i Vestland  ( e- helse Vestland). Satsinga til no har vore konsentrert til spesifikke kommunar. Intensjonen er at alle kommunar etterkvart skal få del i  satsinga.
Til no har vi her lokalt fått i gang slike tenester;

Link til Helsedirektoratet si satsing; 

www.helsedirektoratet.no/tema/digital-hjemmeoppfolging-hjemmesykehus-og-velferdsteknologi/digital-hjemmeoppfolging

Ressurssamling

Kvikkguide-guide digital heimeoppfølging (KS)

Erfaringar med DHO frå Stad kommune (video)

Rapport Digital hjemmeoppfølging (HDIR) 2018-2021

Rapport hjemmesykehus (HDIR)

Felles plan og rammeverk – kommunal sektors ambisjoner på ehelse-området (PDF, 2 MB)

Kontakt

Per Waardal

Prosjektkoordinator

Send e-post

Mobil: 92 84 75 77