Siste runde med innføringsløp for Digihelse og Digihelsestasjon skjer i haust - blir dykk med? 


Digihelse og Digihelsestasjon er nasjonale e-helseløysningar som det gjennom Felles plan og rammeverk er satt eit mål om at alle kommunar skal ta i bruk innan 2025. Som eit verkemiddel for å få fleire kommunar til å ta i bruk løysningane samarbeider DigiVestland, Digi Rogaland og KS e-Komp om felles innføringsløp for kommunar i Vestland og Rogaland. Det har vore arrangert to puljar med innføringsløp tidlegare og dette vert truleg dei siste for desse to løysningane. Det byrjar å nærme seg ein god andel kommunar som har teken i bruk både Digihelse og Digihelsestasjon. No ynskjer me å få med alle!


Felles innføringar startar til hausten for dei kommunane som ynskjer å delta. Eit innføringsløp for kvar løysning som vil gå uavhengig av kvarandre. I den anledning inviterer vi til informasjonsmøter kor det vil gis meir informasjon om kvar løysning, erfaringar frå kommunar som brukar løysninga i dag, informasjon om påmelding til innføringsløp og plan for innføringsløp hausten 2023.


Digihelse: 30. august kl. 10-11.00                

Digihelsestasjon: 30. august kl. 14-15.00    

     

Alle kommunar i Vestland og Rogaland som ikkje har teken i bruk løysningane, oppfordrast til å delta. Kvar kommune kan stille med fleire deltakarar på informasjonsmøta – det er opp til dykk sjølve. Deltakelse på møta forpliktar ikkje.

Har kommunen klargjort for bruk av Digihelse, men ikkje teken løysninga i bruk? Då kan dykk gjerne delta på felles innføringsløp for å komme i gong med bruken av digital meldingsteneste i dei tenestene som er ynskjeleg.


Klar for å melde dykk på felles innføringsløp?

Då er det ingen grunn til å vente – meld dykk på ved å svare på skjema under.

Påmelding Digihelse

Påmelding Digihelsestasjon basisløysning

Påmeldingsfrist 20.september

 

Kva er Digihelse?

Med meldingar og kalendervisning på helsenorge.no kan innbyggarane kommunisere med den kommunale helsetenesta. Meldingane kjem direkte inn i den elektroniske pasientjournalen (EPJ). Løysninga var i utgangspunktet laga for kommunikasjon med heimetenesta, men kan også utvidast lokalt til å nyttast for andre kommunale helse- og omsorgstenester som dokumenterer i kommunens journalsystem. Kommunar som har deltatt på tidlegare innføringsløp har teken i bruk Digihelse på tenester som psykisk helse og rus, ergo- og fysioterapi, miljøteneste og avlastningsbolig. Les gjerne meir på KS sine nettsider.


Kva er Digihelsestasjon basisløysninga?

Digihelsestasjon er ei meldingsteneste mellom helsestasjons- og skulehelsetenesta og innbyggar. Her kan innbyggar på ein sikker og trygg måte sende og motta meldingar, få oversikt over avtalar, motta varslingar og få tilgang til relevant informasjon. Digihelsestasjon basisløysninga er ein nødvendigheit for å kunne ta i bruk ungdomsløysninga som er planlagt klar for innføring i løpet av 2024. Les gjerne meir på KS sine nettsider.

Kontakt

Styrk Matre Grimstad

Regional koordinator for KS kompetansenettverk for e-helse


e-post: styrk.grimstad@bergen.kommune.no 

Tlf: 

40 81 11 50