Portefølje

Framside / Portefølje

Under er oversikt planlagde, pågåande og avslutta prosjekt og tiltak i regi av samarbeidet. Klikk på prosjekt- eller tiltaksnamnet for å sjå detaljar.


Regionale prosjekt og Aktiviteter

Regionalt fellesprosjekt ePlansak og eByggesak [prosjekt]

Type: Regionalt prosjekt

Periode: 01.10.2021 - 31.12.2022

Eigar: Faggruppe Plan, bygg, geodata

Kontaktperson: Prosjektleiar Eirik Thillmann, eirik.thillmann@bergen.kommune.no


Skildring:

Fellesprosjekt for kommunar som ønskjer eller som er i anskaffingsprosess av løysing for eByggesak/ePlansak. Prosjektet har som formål å støtte og koordinere innføringa av nye fagsystem for plan- og byggesaksbehandling i regionen, og gjennom det bidra til ein meir effektiv innføring av løysingane for kommunane i Vestland. Prosjektet skal utarbeide veileder for anskaffing av fagsystem tilpassa kravspesifikk utarbeidet av KS, og deretter støtte kommunar som er i anskaffelsesprosess for å høste erfaring og justere veileder.


Les meir:

Regionalt fellesprosjekt ePlansak og eByggesak

Veiledertjeneste [prosjekt]

Type: Regionalt prosjekt

Periode: 01.01.2022 - 01.07.2022

Eigar: Faggruppe oppvekst

Kontaktperson: Prosjektleiar Steinar Hjelset, steinar.hjelset@karabin.no

Skildring: SkoleSec-prosjektet til KS vil i samarbeid med Digi Vestland gjennomføre ein pilot (Proof of Concept) - korleis nå heilt ut til kommunane i arbeidet med personvern- og informasjonstryggleik.

2021 blei faggruppa for oppvekst bedne om å delta i pilotering av ei regional veilederteneste for skoleeigare i høve til anskaffing, bruk og avslutning av digitale læringsressursar. I dette inngår blant anna rutinar kring anskaffing, databehandlaravtalar, risikovurderingar, personvern og konsekvensvurderingar, behandlingsprotokollar med meir. Piloten fullførast ved utgongen av mai månad 2022.

Det jobbast med å avklare oppfølgings og vidareføring av arbeidet.

Les meir: Pilotering av regional rettleiarteneste innafor personvern og informasjonstryggleik i oppvekstsektoren


Digitale innbyggertenester [prosjekt]

Type: Regionalt prosjekt

Periode:

Eigar: Digi Vestland, ved sekretariat - støttetenester

Kontaktperson: Prosjektleiar Simen Soltvedt, simen.soltvedt@bergen.kommune.no

Skildring:

Prosjektet har gjennomført påkobling av medlemskommunar til KS Min side hausten 2021- vinteren 2022, og 29 av 39 medlemskommunar har no inngått avtale med KS. Våren 2022 er det gjennomført veiledning og prosess for ROS og DPIA for løysningen. 8 kommunar i tillegg til eit av IKT nettverka har nytta seg av dette tilbodet. Veiledning i høve ROS blei avslutta i april, og arbeid med DPIA pågår fortsatt.

parallelt pågår dialog med KS/ digitale fellestenester for å avklare korleis Digi Vestland og KS kan samhandla for å tilby gode og relevante innbyggertenester på FIKS plattformen. Digi Vestland er representert i brukarrådet for KS Min side.


Les meir: Prosjekt digitale innbyggertenester

Historiske arkiv og digitale innsynsløysingar [prosjekt]

Type: Regionalt prosjekt

Periode: 2022-2023

Eigar: Sekretariatet

Kontaktperson: Prosjektleiar/ koordinator Iren Ramsøy, iren.ramsoy@bergen.kommune.no

Prosjekt for historiske arkiv og innsynsløysingar er eit regionalt fellesprosjekt, med mål om å utarbeida ein felles strategi og plan for etablering av digitale innsynsløysingar for kommunane og innbyggjarane i Vestland fylke.

Bakgrunn

Innbyggjarane, næringslivet og tilsette treng tilgang til historiske data.


Det er i dag eit aukande behov for antall databasar for både nye og historiske data. Dagens løysingar har som regel separate løysingar for tilgangsstyring, og kostbare lisensar frå kvar enkelt leverandør. Mange kommunar gjer heller ikkje tilgang til historiske data gjennom kommunen si heimeside, som dermed må bestillast via postmottak. Måten vi løyser dette på i dag er derfor både inneffektivt og kostnadsdrivande for kommunane, og er ikkje i tråd med forventninga om effektiv digital samhandling og tenesteyting.


Formål

Prosjektet vil i første omgang bidra til å utforske, utvikle og pilotere ein innsynsløysing for tilsette i kommunane. Dette skal seinare leggje grunnlag for framtidige digitale sjølvbetente innsynsløysingar for innbyggjarane og næringslivet.

Løysingen skal gi rask og sikker tilgang til korrekt informasjon, der både personvern og IKT-tryggleik er ivareteke, inkludert sikker identifikasjon ved høve, og prosjektet skal og sikre framtidig tilgang for innbyggjarane til data gjennom andre løysingar som "Mi Side".

Skildring: Les meir: Historisk arkiv og digitale innsynsløysingar

Felles prosjekt personvern og informasjonstryggleik [prosjekt]

Type: Regionalt prosjekt

Periode: 2022-2023

Eigar: Faggruppa personvern og informasjonstryggleik

Kontaktperson: Prosjektleiar Torkell Pettersen, torkell.pettersen@bergen.kommune.no

Skildring: faggruppa følgje opp ferdigstilt utgreiing i høve kartlegginga av modenheit innenfor personvern og informasjonstryggleik hos medlemskommunane. Det pågår stor aktivitet nasjonalt innanfor IT sikkerheit, og det er starta ei omfattande kartlegging i høve til dette i fleire av kommunane. Det er difor vurdert naudsynt å bruke noko tid på innsiktsarbeid før planlagt arbeid tek til. Det er planlagt fleire workshopar hausten 2022.

Les meir: Fellesprosjekt informasjonstryggleik og personvern

Nasjonale fellesløysingar [tiltak]

Type: Regionalt tiltak

Periode: 2022-2023

Eigar: Digi Vestland ved sekretariatet

Kontaktperson: koordinator Ottar Midtrød, OMI.midtrod@bjornafjorden.kommune.no

Skildring: Målet med prosjektet er å bistå kommunane i samarbeidet med å ta i bruk fellesløysingar og -komponenter, i første omgang tenester på Fiks-plattforma. Prosjektet skal støtte kommunane i å utnytte potensialet i KS Min side gjennom å ta i bruk fellesløysingar og koble opp informasjonssystemer med relevante data. Ved å ta i bruk fellesløysingar vil vi i stor grad kunne standardisere datadeling og gjenbruk av data. Dette vil danne eit godt grunnlag for vidare utvikling av nye og betre innbyggartenester.


Les meir:

Digitale innbyggertenester

Datasjø i regional kontekst [tiltak]

Type: Regionalt tiltak

Periode: 2022-2023

Eigar: Digi Vestland ved sekretariatet

Kontaktperson: Simen Soltvedt, simen.soltvedt@bergen.kommune.no

Skildring: Skildring: Pilot på bruk av Bergen kommune sin datasjø i regional kontekst. Bruk av data på tvers av sektorer, tjenester og system skal gi bedre grunnlag for planlegging, gjennomføring, kontroll og forbedringer av tjenester og system.

Les meir: Datasjø

Kobo [Aktivitet]

Type: Regional Aktivitet

Periode: 2022-2023

Eigar: Digi Vestland ved sekretariatet

Kontaktperson: Simen Soltvedt, simen.soltvedt@bergen.kommune.no

Skildring: Utvikling av digitale løysinger som skal gjere det enklare for innbyggjerane å søkje om kommunale utleigeboligar, og forenkle saksbehandlinga for dei tilsette i kommunen. Løysinga vil også gjere det lettare og rapportera og tilgjengeliggjøra statistikk for kommunale utleigeboligar lokalt og nasjonalt. Prosjektet er eit samarbeid mellom KS og norske kommunar, og målet er å forenkle prosessen med å søkje, tildele og administrera kommunale utleigeboligar.

Som et virkemiddel for å få kommunar til å ta i bruk løysinga, samarbeidar DigiRogaland og DigiVestland med Husbanken om ein felles innføring av løysningen for kommuner i Rogaland og Vestland, og til høsten starter andre felles innføring. Digi Rogaland leder prosjektet og i Digi Vestland sin portefølje er innføringsløpet registrert som et tiltak.

Les meir: innføringsprosjekt Kobo

Gjennomførte prosjekt og aktiviteter

Kartlegging digitale byggesøknader [tiltak] - Gjennomført

Type: Regionalt tiltak

Periode: 2020 - desember 2021

Eigar: Faggruppe Plan, bygg, geodata

Kontaktperson: Arne Magne Håvardstun, arne.magne.havardstun@bergen.kommune.no


Skildring: Digitale byggesøknader kan sendast inn til kommunen gjennom digitale løysingar, ebyggesøknad. Søknader sendt inn gjennom dei nasjonale søknadsløysingane blir sendt via Fellestenester bygg, og søknadene blir sjekka opp mot nasjonale sjekklister for byggesak som er utarbeida av Direktoratet for byggkvalitet (DiBK). Søknaden sendast deretter til kommunen.

Fleire aktørar har tatt i bruk digitale søknader, og Digi Vestland sin faggruppe for plan, bygg og geodata har i ei undersøking samla inn tilbakemeldingar på kva erfaringar bruken av ebyggesøknad gir. Det er utarbeida ei rapport som samanstiller funna.

Les meir her:

Kartlegging digitale byggesøknader

Fellesprosjekt informasjonstryggleik [prosjekt] Avslutta

Type: Regionalt prosjekt

Periode: 2022-2022

Eigar: Digi Vestland ved sekretariatet

Kontaktperson: prosjektleiar Iren Ramsøy, iren.ramsoy@bergen.kommune.no

Skildring:

Målsetninga for prosjektet er å utforme nødvendige anbefalingar og tiltak som skal gje regional nytte for heile Digi Vestland, og lokale tiltak i den enkelte kommune. Prosjektet er delt inn i to fasar:

  • Analyse og kartlegging av utfordringar i kommunane

  • Anbefalingar og tiltak for kommunane.

Les meir:

Fellesprosjekt informasjonstryggleik og personvern

Ferdigstilt rapport

Fellesprosjekt informasjonstryggleik [prosjekt] Avslutta

Type: Regionalt prosjekt

Periode: 2022-2022

Eigar: Digi Vestland ved sekretariatet

Kontaktperson: prosjektleiar Iren Ramsøy, iren.ramsoy@bergen.kommune.no

Skildring:

Målsetninga for prosjektet er å utforme nødvendige anbefalingar og tiltak som skal gje regional nytte for heile Digi Vestland, og lokale tiltak i den enkelte kommune. Prosjektet er delt inn i to fasar:

  • Analyse og kartlegging av utfordringar i kommunane

  • Anbefalingar og tiltak for kommunane.

Les meir:

Fellesprosjekt informasjonstryggleik og personvern

Ferdigstilt rapport

Webinar droneprosjekt i Alver kommune [tiltak] - Gjennomført

Type: Regionalt tiltak

Periode: oktober 2021

Eigar: Faggruppe Plan, bygg, geodata

Kontaktperson: Steinar Hjelset, steinar.hjelset@karabin.no


Skildring:

Alver kommune er med i eit utviklings- og innovasjonsprosjekt der vi ser på bruk av droneteknologi innanfor fleire fagområde i kommunen. I prosjektet har vi fått testa ut droneteknologi innafor ei rekkje områder, der drift og vedlikehald, landbruk, byggesak, oppmåling, miljø er nokre av fagområda. Bruk av droneteknologi er mykje meir enn visualisering med bilete og foto frå lufta!

Les meir her:

Webinar droneprosjekt i Alver kommune

FIKS Bekymringsmelding innføring [prosjekt] - Avslutta

Type: Regionalt tiltak

Periode: Oktober 2020 - februar 2021

Eigar: Sekretariatet

Kontaktperson: Tine Nielsen, tine.nielsen@karabin.no


Skildring: Eit regionalt innføringsprosjekt for kommunane i Vestland for å ta Nasjonal portal for bekymringsmeldingar i bruk på ein god måte. Prosjektet hadde med representantar frå Askøy kommune, Bjørnafjroden kommune, Stad kommune, Stord kommune og Sogndal kommune. Gjennom den regionale innføringa fekk deltakarkommunane eit fora der dei kunne diskutere utfordringar og saman finne gode løysingar og dele erfaringar.

DigiHelse Innføringshåndbok [tiltak] - Avslutta

Type: Regionalt tiltak

Periode: 2019

Eigar: Sekretariatet

Kontaktperson: Atle Sandal, atle.sandal@karabin.no


Skildring:

Tiltaket inneber å utarbeide ei handbok for innføring av DigiHelse i kommunane samarbeidet.


Les meir:

Innføringshandbok DigiHelse

DigiSos Innføringshåndbok [tiltak] - Avslutta

Type: Regionalt tiltak

Periode: 2019

Eigar: Sekretariatet

Kontaktperson: Atle Sandal, atle.sandal@karabin.no


Skildring:

Tiltaket skal utarbeide ei handbok for innføring av DigiSos i kommunane.


Les meir:

Innføringshandbok DigiSos



Regionalt folkeregisterprosjekt [prosjekt] - Avslutta

Type: Regionalt prosjekt

Periode: 2021

Eigar: Sekretariatet

Kontaktperson: Johanna Alme, johanna.alme@bergen.kommune.no


Skildring:

Gjennom prosjektet Regionalt folkeregisterprosjekt inviterast kommunane i Digi Vestland til eit samarbeid om overgangen frå Det Sentrale Folkeregisteret (DSF) til det moderniserte folkeregisteret (FREG). Overgangen til FREG kan vere krevjande og her vil eit samarbeid kunne vere til hjelp for kommunane. Kommunane må sjølv leie sine eigne interne prosjekt, mens det regionale prosjektet vil fungere som prosessleiar, koordinator og tilretteleggjar for deltakande kommunar. Hensikta er å bistå kvarandre i både planlegging, gjennomføring og erfaringsutveksling i overgangen frå DSF til FREG.

Les meir:

Regionalt folkeregisterprosjekt

Arkitekturlandskap [prosjekt] - Avslutta

Type: Regionalt tiltak

Periode: 2020 - 2021

Eigar: Faggruppe Arkitektur og portefølje

Kontaktperson: Lars Tveit


Skildring:

I januar 2020 starta eit prosjekt om verksemdsarkitektur i kommunal sektor der det vart utarbeida ei innføringshandbok og ein metamodell. I januar 2021 starta fase 2, eit implementeringsprosjekt for kommunane som ønska å delta. Prosjektet vart avslutta i juni 2021.

Les meir:

Arkitekturlandskap

Digital dialog og sjølvbetening [prosjekt] - Avslutta

Type: Regionalt tiltak

Periode: 2019-2020

Eigar: Sekretariatet

Kontaktperson: Simen Soltvedt, simen.soltvedt@bergen.kommune.no


Skildring:

Prosjektet skal bidra til å utvikle ei brukartilpassa (personleg) Min Side med relevant innhald og felles design med utgangspunkt i KS MinSide. Innhaldet skal gje innbyggjarar og næringsliv tilgang til relevante kommunale tenester, uavhengig av kommunegrense. Tenestene skal vere så enkle at dei føretrekje å vere sjølvbetjent. I samarbeid med KS bidrar prosjektet til å utvikle løysingar for faktura og eigedom, samt undersøke brukarbehovet for andre løysingar.

Les meir:

Digital dialog og selvbetjening

Felles IT-driftsløysing [prosjekt] - Avslutta

Type: Regionalt forprosjekt

Periode: 2018-2019

Eigar: Faggruppe IT-drift

Kontaktperson: Atle Sandal, atle.sandal@karabin.no


Skildring:

Målet med arbeidet har vore å undersøke moglegheitene for ei eventuell felles regional driftseining og kva for gevinstar dette kan gje for kommunane som tar del av samarbeidet.

Hausten 2018 starta arbeidet med ei utgreiing av moglegheita for ei eventuell felles regional driftseining for kommunane i Hordaland. Sluttrapporten frå arbeidet antydde ulike nivå av samarbeid og peikte i retning av eit vidareførande arbeid. Hausten 2019 ble det gjennomført eit forprosjekt som konkretiserte arbeidet. Forprosjektet bestod av representantar frå fleire av kommunane i Hordaland.