Arkitekturlandskap

Framside / Portefølje / Arkitekturlandskap

Det er gjennomført to fasar i prosjektet med kvart sitt mandat:

  1. Våren 2020: Utarbeide dokumentasjon og metamodell

  2. Våren 2021: Implementeringsprosjekt

Verksemdsarkitektur i kommunal sektor: Fase 1

Bakgrunn

Faggruppe for verksemdsarkitektur og prosjekt har synleggjort verdien av verksemdsarkitektur i kommunane i regionen. Fokuset på verksemdsarkitektur blir sett på som ein viktig førestnad for vidare utvikling av digitale tenester. Det registrerast samtidig ei aukande oppmerksemd mot at den enkelte offentlege verksemd skal ha oversikt over kva for data den handterer, kva dataa betyr, kva dei brukast til, kva for prosessar dei inngår i, og kven som kan bruke dei.

Faggruppa identifiserte at det mangler eit felles rammeverk for arbeid med verksemdsarkitektur i kommunane. Felles for kommunane i regionen er mangel på kompetanse og kapasitet innafor området. På bakgrunn av dette starta prosjektet opp i januar 2020. For å kunne gjere nytte av kommunale og nasjonale fellesløysingar er det viktig at kommunane har robuste løysingar, tenester og infrastruktur. Dette inneber at kommunane må ha kontroll på sin verksemsarkitektur: tenester, prosessar, systemportefølje, integrasjonar og infrastruktur.

Prosjektet har samla kompetanse og kapasitet for å etablere eit felles rammeverk for gjennomføring og forvaltning av arkitekturlandskap. Rammeverket vil kunne kompensere for manglande kompetanse innafor verksemdsarkitektur og gjere det mogleg å starte arbeidet og skaffe ei heilskapleg oversikt. Denne innsikta vil danne eit godt startpunkt for vidare arbeid med verksemdsarkitektur.

Prosjektet har bestått av representantar frå fleire kommunar på Vestlandet, og har jobba mot å utarbeide ein metamodell og dokumentasjon kommunar kan ta i bruk. Det blei oppretta ei referansegruppe beståande av kommuner som allereie har gjennomført eller igangssett arbeidet med verksemdsarkitektur. Referansekommunane var Lørenskog og Drammen kommune.

Mål med prosjektet

Alle kommunar i samarbeidet har oversikt og styring av sitt arkitekturlandskap. Felles rammeverk og metodikk for arkitekturlandskap med dokumentasjon, metamodellar og forvaltningsmodell for kommunesektoren.

Prosjektmandat - Arkitekturlandskap DigiHordaland.docx

Verksemdsarkitektur i kommunal sektor: Fase 2

Bakgrunn

Prosjektet byggjer på dokumentasjonen frå fase 1. Alle kommuane i Vestland vart invitert til å delta, og skulle følgje same prosjektplan, same milepælar og ha dei same møtepunkta.

Mål med prosjektet

Prosjektet skulle byggje kompetanse og kunnskap om arkitekturlandskap i Digi Vestland. Ved å ha faste møtepunkt i prosjektet blei deltakarkommunane kjent med ressursar frå andre kommunar og kunne dele erfaringar og utfordringar undervegs.

Det vart utarbeida ein prosjektrapport for prosjektet, les rapporten til høgre.

Prosjektrapport - Arkitekturlandskap.pdf

Innføringshandbok

Det er utarbeidd innføringshandbok og materiell som kommunar kan ta i bruk når dei skal starte arbeidet med verksemdsarkitektur.

Kontakt

Lars Tveit

leiar for Digitalisering og innovasjon Nordhordland

telefon: 995 25 115

e-post: lars.tveit@diginordhordland.no


Prosjektgruppa

Fase 1: Prosjektgruppa av representantar frå Alver kommune, Askøy kommune, Austevoll kommune, Bergen kommune, Bjørnafjorden kommune og IKTNH

Fase 2: Prosjektgruppa besto av representantar frå Alver kommune, Austevoll kommune, Bjørnafjorden kommune, Gloppen kommune, Kvam herad, Osterøy kommune, Sunnfjord kommune og Øygarden kommune.

Sist oppdatert: 22. desember 2021