Pasientens legemiddelliste

Framside / Portefølje / Pasientens legemidelliste

Om prosjektet

Ei kartlegging utført av pasientsikkerheitsprogrammet viser at rundt 12 prosent av pasientskadane skuldast feil bruk av legemiddel. Risikoen for alvorlege legemiddelfeil er særleg stor under forordninga av legemiddel, samt i overgangane mellom ulike nivå i helsetenesta.

Pasientens legemiddelliste skal gi ei samla og oppdatert oversikt over relevante opplysningar om pasienten si legemiddelbehandling, der eksempelvis sjukehusa, legekontora og helse- og omsorgstenestene i kommunane kan dele opplysningane mellom seg. Opplysningane omfattar blant anna fast og midlertidig legemiddelbehandling, seponerte legemiddel, kosttilskot og legemiddelreaksjonar (cave).

Status desember 2021

Løysinga er under pilotering i Bergen kommune. Foreløpig er ho basert på den gamle forskrivingsmodulen for e-resept (FM), mens den nye sentrale forskrivingsmodulen (SFM) er under utvikling. I tillegg krev løysinga både juridiske, tekniske og organisatoriske tilpassingar, samt bruk av e-ID og Kjernejournal for vidare utbreiing. Utprøvingsprosjektet i Bergen er planlagt fergistilt i 2023. Prosjektet skal lage innføringsmateriell for vidare utbreiing i Vestland og resten av landet.

Kontakt

Atle Sandal

sekretariatet

e-post: atle.sandal@karabin.no

Sist oppdatert: 3. januar 2022