Referansearkitektur for e-helse

Framside / Portefølje / Referansearkitektur for e-helse

Om prosjektet

Den nasjonale referansearkitekturen for e-helse skildrar og gir retning og rammer for utforminga av arkitekturar og nye løysingar, og skal bidra til å skape eit velfungerande digitalt økosystem for kommunale e-helsetenester. Formålet er å gi kommunane og deira samarbeidspartnarar eit verktøy for rettleiing og støtte i arbeidet med å utvikle og ta i bruk e-helseløysingar.

Referansearkitekturen inneheld referansar som bidreg til å lette samhandlinga mellom partane. Det blir gjort blant anna gjennom å skildre sentrale konsept, omgrep og prinsipp. Arkitekturprinsipp om økosystem, plattformtilnærming og opne grensesnitt som legg til rette for nasjonal samhandling er særleg framheva. Referansearkitekturdokumentet gir òg ei overordna skildring av nasjonale satsingar, og fremhevar noko av det som er særskilt kravd av kommunal sektor.

Prosjektet er koordinert av KS, med deltakarar frå Digi Vestland, Felles kommunal journal, Helseplattforma og Oslo Kommune.

Status desember 2021

Arbeidet med mandatet for prosjektet starta opp i desember 2020, men sjølve prosjektarbeidet tok til første kvartal 2021. Det første utkastet av referansearkitekturen låg føre i løpet av våren, og var grunnlag for ein utvida dialog med sentrale samarbeidspartnarar før sommaren. Prosjektgruppa jobba vidare med utkastet etter sommaren, og la det fram for behandling i samstyringsstrukturen i KS. 3. desember slutta KommIT-rådet seg til hovudinnrettinga i referansearkitekturen. Sluttføringa av prosjektet er planlagt utført i januar 2022. Arbeidet med prinsipp og omgrep blir tatt vidare parallelt med forvaltinga av referansearkitekturen.

Kontakt

Atle Sandal

sekretariatet

e-post: atle.sandal@karabin.no

Sist oppdatert: 16. januar 2022