I tillegg til den nasjonale arenaen, der KS Digital og fleire diginettverk samarbeider om implementering av digitale løysingar for barnevernet, har DigiVestland teke initiativ til ei lokal oppfølging i Vestland. Denne oppfølginga skal sikra at kommunane i regionen får målretta støtte i implementeringsprosessen, samtidig som erfaringar og behov frå Vestland blir ein del av den nasjonale erfaringsdelinga.
DigiVestland satt ned en arbeidsgruppe som har vurdert ulike løsninger for KI-chat i skolen, basert på ønske fra kommunene om veiledning i valg av løsning for KI-chat i skolesektoren.
Våren 2024 har Faggruppe for plan, bygg og geodata i DigiVestland, gjennomført eit prosjekt med mål om å auka innsikt i utfordringsbilete og potensialet knytt til bruk av digitale byggjesøknadar.
Bruken av digitale tenester i barnehage og skula har auka betrakteleg dei siste åra. Kunnskapsdepartementet og KS samarbeid lanserte i 2023 ny digitaliseringsstrategi for barnehage, grunnskula og vidaregåandeopplæring (2023-2030). Strategien vil supplerast med handlingsplanar i løpet av strategiperioden.
Faggruppa identifiserte at det var mangel på eit felles rammeverk for arbeid med verksemdsarkitektur i kommunane. Felles for kommunane i regionen er mangel på kompetanse og kapasitet innanfor området.
Innføring PLL i Vestland, helsefellesskap i bergenområdet. Prosjektet har fått namnet PLL i VEST. Prosjektet har og fått støtte frå Helseteknologiordningen (HTO), oppstart april i år.
Fleire statlege og kommunale aktørar har i perioden 2016-2023 samarbeidd gjennom Digibarnevern-prosjektet om utvikling av felles nasjonale løysingar som skal bidra til auka kvalitet i barnevernet.
Som ein del av overføringa av samarbeid om tryggleik i DigiVestland til faggruppestrukturen, vil DigiVestland tilby ei modnadsvurdering av kommunane opp mot NSMs grunnprinsipp.
Faggruppe for HR meiner at auka forståelse av kva digital transformasjon innebærer for kommunane er heilt nødvendig for å lykkast med å komma nasjonale strategiske forventningar i møte. På bakgrunn av HR faggruppens initiativ har styringsgruppen vedtatt at det skal utvikles et felles kompetanseløft innen digital transformasjon for kommunene i Vestland.
Gjennom å kartleggja og prøva ut ulike måtar som gjer det enklare å ta i bruk velferdsteknologiske løysingar, har prosjektet som hensikt å redusera barrierar og fremja digital dialog mellom kommune, tenestemottakar, spesialisthelseteneste og eventuelt pårørande.
Å rydda i gamle reguleringsplanar, og sikre eit godt plangrunnlag, er eit nødvendig arbeid for å leggja til rette for god digitalisering av plan- og byggjesakprosessen.
Kommunane i DigiVestland har greidd ut behov og moglegheiter for samarbeid om digital tryggleik. Sekretariatet har gjennomført ei omfattande kartlegging av behova til alle kommunane for samarbeid om aktivitetar innanfor digital tryggleik. På bakgrunn av resultata i behovskartlegginga er samarbeidet om Digital tryggleik overført til faggruppe for personvern og informasjonstryggleik og faggruppe for IT-drift.
Rettleiartenesta er eit tilbod frå faggruppe for oppvekst til medlemskommunane. Deltakande kommunar får rettleiing og hjelp når det gjeld arbeidet med personvern og informasjonstryggleik på oppvekstfeltet.