Styringsdokument

Styringsdokumenta består av samarbeidsavtalen samt regionale og nasjonale strategiar og planar

Digitaliseringsstrategi for offentlig sektor

Regjeringa og KS har for første gang gått saman om ein strategi for digitalisering av offentleg sektor. Målet er å gjere kvardagen enklare for innbyggjarane, næringslivet og frivillig sektor. Det skal skje gjennom ein felles digital transformasjon, med betre tenester og meir effektiv ressursbruk som resultat. Strategien skal òg leggje til rette for høgare produktivitet i samfunnet.

Strategien er ei oppfølging av stortingsmeldinga Digital agenda (2015-2016).