Klarspråk 2024

Konferanse i Bergen 11. - 12. april

heim/ Temasider/ Kommunikasjon/Klarspråk/Klarspråk i digitale tjenester-konferanse

Sted: Terminus Hall, Bergen sentrum

Dato: 11.-12. april 2024


Jobbar du i spenningsfeltet mellom kommunikasjon og digitalisering? Dette er konferansen for deg som deltek i utvikling av digitale tenester, eller formidlar bodskap til innbyggjarar, tilsette eller politikarar.

Konferansen gir deg siste nytt frå klarspråkarbeidet og presenterer relevante eksempel vi alle kan lære noko frå. Du møter kollegaer på tvers av kommune- og fylkesgrenser, og du får med deg heim eit praktisk prinsippdokument for korleis du kan arbeide vidare med digitale tekster.

Høgdepunkt i programmet: 

Vidar Lynghammar, NTB Arkitekst, held føredrag og workshop med tittelen «Nødvendig for nokon – nyttig for alle – korleis sikrar vi klart og inkluderande språk i digitale tenester

Kjetil Århus, Bergen kommune, deler tankar om behov for klart språk og struktur i digital system, og kvifor mangel på dette kan få store konsekvensar. 

Anna Holm Vågsland og Marianne Bugge Nordberg, KS, oppdaterer oss på status for klarspråkarbeidet i offentleg sektor, og tar oss med inn i dialogspillet KS har utvikla. 

Sigbjørn Råsberg, UU-tilsynet, tek oss gjennom rammene for universell utforming og reflekterer rundt dei tilfella der klarspråket stoppar i teknologien.

Eva Hille, Bergen kommune, peikar på at klarspråk er meir enn ord og oppbygging av tekst, det er også profil som kan kjennast igjen, bruk av bilete og plakatar. Alt som skal til for at mottakaren forstår bodskapen.


Konferansen blir leia av Irene Kinunda Afriyie, som også vil levera både opningsføredrag og innlegg under middagen. Irene har ein heilt eigen humoristisk måte å reflektere rundt sin plass i det norske samfunnet. Ho er kunstnar, samfunnsdebattant og songar.

 

Pris og påmelding

Me håpar å få med så mange som mogleg, og arrangørane har difor valt å subsidiere konferansen godt.

Konferanseavgift er kr. 1900,-. Overnatting kjem i tillegg.

 

Påmeldingsfrist: 30. mars 2024

Det er eit avgrensa tal plassar, så ikkje vent med å melda deg på!

 

Arrangør: DigiVestland og KS Vestland

Programkomité:
DigiVestland: Mona Mekki fra Vaksdal kommune, Eva Hille fra Bergen kommune, Mali Hjemdal fra sekretariatet.
KS: Anne-Karin Løken. 

 

Program

Torsdag 11. april

10.00 Registrering og kaffemat

11.00 Velkommen

Irene Kinunda Afrivie opnar konferansen med å reflektera rundt sin plass i det norske samfunnet.

12.00 Status for klarspråkarbeidet – Anna Holm Vågsland, KS

12.45 Lunsj

13.45 Klarspråk er meir enn ord – Eva Hille, Bergen kommune

14.10 Klart språk for alle - Sigbjørn Råsberg, UU-tilsynet

15.00 Dialogspelet – Anna Holm Vågsland, KS

16.30 Fritid

19.00   Middag på Skyskraperen – me nyt både mat og utsikt i følgje med Irene og hennar smittande humør

22.00     Slutt

 

Fredag 12. april

08.30 Velkommen

            Nødvendig for nokon og nyttig for alle! Korleis sikrar vi klart og inkluderande språk i digitale tenester? – Vidar Lynghamar, NTB Arkitekst

10.00 Workshop - Nødvendig for nokon og nyttig for alle! Prinsippdokument til bruk i arbeidet med digitale tekstar i kommunane – Vidar Lynghamar, NTB Arkitekst

11.15 Klart språk og struktur i digitale system - korleis mangel på dette kan få store konsekvensar - Kjetil Århus, Bergen kommune

12.30 Klarspråksamarbeid framover – Mali Hjemdal, DigiVestland

12.40        Skråblikk – Irene Kinunda Afrivie

13.00       Lunsj og vel hjem!