E-helse

Oppsummering av 2021


Faggruppa sitt overordna mål er å realisere kvalitative og økonomiske gevinstar innafor helse- og omsorgstenestene i alle deltakarkommunane. Ved utgangen av 2021 hadde faggruppa 16 medlemmar. Samla sett representerer medlemmane alle distrikta og dei større IT- og digitaliseringssamarbeida i fylket, i tillegg til KS e-Komp og E-helse Vestland. Faggruppa og regionen er direkte representert i alle ledd av samstyringsstrukturen til KS, samt den nasjonale styringsmodellen for e-helse.

Arbeidet i 2021 har for det meste gått med til dei største satsingane innafor e-helse. Felles kommunal journal (tidlegare Akson) er eit fast punkt på agendaen. Prosjektet har endra seg mykje det siste året. Styringa er overdratt frå Direktoratet for e-helse til KS og kommunane gjennom eit interimselskap, som i 2021 har jobba med eit nytt løysingsforslag for den framtidige pasientjournalen. Medlemmane i faggruppa følgjer arbeidet gjennom oppdateringar direkte frå prosjektorganisasjonen i kvart møte.

Planar for 2022

I løpet av 2022 skal rolla og ansvaret til Digi Vestland og Faggruppe for e-helse bli tydlegare i ein nasjonal kontekst, gjennom KS sitt arbeid med nasjonale prinsipp for utbreiing av e-helseløysingar.

Nye prosjekt og løysingar innafor e-helse er i mange tilfelle store og komplekse. Planane for 2022 omfattar derfor i stor grad mange av dei same satsingane som i 2021. Aktiviteten vil samtidig bli påverka av føringar frå KS og saka om «felles plan og rammeverk for e-helse i kommunal sektor».

Kontakt

Kristin Brekke

faggruppeleiar

telefon: 408 72 404

e-post: kristin.brekke@bergen.kommune.no 

Faggruppa sine sider

Les meir på faggruppa sine sider