Fagnettverk for oppvekst

Framside / Årsoppsummering 2021 / Fagnettverk for oppvekst

Oppsummering av 2021


Våren 2021 vart det gjennomført ei spørjeundersøking blant kommunalsjefane for Oppvekst i Vestland, der dei ble bedt om å prioritere aktivitetar knytte til fire fokusområde i Kunnskapsdepartementet sin handlingsplan. Dette resulterte i etableringa av ei arbeidsgruppe for personvern og informasjonstryggleik innafor oppvekstområdet.

I august gjekk fagnettverket inn i eit samarbeid med KS, om pilotering av ei regional rettleiarteneste. Piloten skal teste ut og hente inn erfaringar med ei regional rettleiarteneste for skuleeigarar knytte til anskaffing, bruk og avslutning av digitale læringsressursar. Ut frå erfaringane vil vi vurdere korleis strukturen kan vidareførast i Digi Vestland, og korleis liknande rettleiartenester kan bli etablert i andre digi-nettverk.

Arbeidsgruppa har digitale møter omtrent månadleg. I forkant av kvart møte gjennomfører ulike førebuande øvingar, som blir drøfta i fellesskap på arbeidsmøta.

Planar for 2022

Arbeidsgruppa vil fortsetje arbeidet med pilotering av den regionale rettleiartenesta ut april 2022. Etter det vil fagnettverket evaluere korleis vi kan leggje til rette for tilsvarande og meir langsiktige strukturar i regionen.

I 2022 vil arbeidsgruppa halde fram med å ha tett kontakt med faggruppa for personvern og informasjonstryggleik i Digi Vestland. Arbeidsutvalet i fagnettverket vil vurdere å etablere andre arbeidsgrupper på spesifikke tema og område, etter behov og kapasitet.

Kontakt

Ole Ekroll

fagnettverksleiar

e-post: ole.ekroll@bergen.kommune.no 

Steinar Hjelset

kontaktperson

e-post: steinar.hjelset@karabin.no