Faggruppe for oppvekst

Framside  /Faggrupper / Faggruppe for oppvekst

Om faggruppa

Bakgrunn og formål

Digitalisering skaper nye moglegheiter og utfordringar. Dersom moglegheitene nye teknologiar gir blir godt utnytta og blir godt brukt i organisering og gjennomføring av opplæringa, vil barn og unge få moglegheit til å tileigne seg kunnskap og skape ved hjelp av teknologi og digitalt innhald. Det kan bidra til motivasjon, engasjement og variasjon i opplæringa. Tilgang til eit rikt mangfald av innovative læremiddel, læringsressursar og verktøy er viktig for å få til dette. Samtidig er det viktig at infrastrukturen rundt dei digitale ressursane fungerer godt og trygt slik at den ikkje opplevast som eit hinder for arbeidsprosessane til elevar og lærarar.

Faggruppen for oppvekst vart etablert våren 2021, og er ein del av strukturen i DigiVestland. Overordna mål er at aktivitetane skal bidra til ei styrking av den enkelte kommune si innsats og auke kompetansen innan fagområdet. 

Organisering

Faggruppen er leia av eit arbeidsutval beståande av representantar frå KS sitt kommunalsjefnettverk på oppvekstområdet. Arbeidsutvalet skal prioritere aktivitetar gjennom etablering av arbeidsgrupper på spesifikke tema/fagområde.

Mandat - Fagnettverk oppvekst.pdf

Aktuelt

Meld deg på opent møte om digitalisering i oppvekstsektoren

Les meir her

Eldre nyheitssakar frå fagnettverket

Les meir her

Aktivitetar

Opent møte om digitalisering
i oppvekstsektoren

Arbeidsgruppe for personvern og informasjonstryggleik

Rettleiarteneste for personvern og informasjonstryggleik

Organisering av oppvekstområdet

Faggruppen skal mellom anna bidra til at medlemmene blir i satt i stand til å ta imot nasjonale prosjekt og løfte regionale problemstillingar nasjonalt. Det har vorte etablert fleire utval og råd for samarbeid og samstyring i digitaliseringa av oppvekstområdet. Digi Vestland er representert i utvala. 

Fag- og prioriteringsutvalet for oppvekst
Ein del av samstyringsstrukturen til KS for digitaliseringsarbeid i kommunal sektor. Utvalet skal samordne og framme kommunale interesser og behov gjennom å gi innspel og råd til nasjonale digitaliseringstiltak og til prioritering av nasjonale innsatsar og digitalisering av tenester på oppvekstområdet.

Nasjonalt samstyringsråd for oppvekst
Samstyringsråd mellom KS og staten som skal ta opp tverrgåande problemstillingar på eit strategisk nivå knytt til økosystemet for digitale læringsmiddel. Samstyringsrådet består av Kunnskapsdepartementet, Utdanningsdirektoratet, SIKT, Statped og KS.

Kontakt

Ole Ekroll
faggruppeleiar
telefon: 97 03 31 63
e-post: ole.ekroll@bergen.kommune.no 

Malin Marøy
koordinator
telefon: 97 78 59 43
e-post: malin.maroy@bergen.kommune.no

Kalender

Faggruppe for oppvekst sin kalender

Her finn du oversikta over tidlegare og kommande samlingar i faggruppen for oppvekst. Klikk på den enkelte kalenderoppføringa for detaljar og saksdokument. For å sjå aktivitetar langt fram i tid må du trykke på «Søk etter flere» eller bla deg nedover i kalenderen for at oppføringane skal bli synlege. 

Ønskjer du sjå oppføringane direkte i kalenderen din? Hald deg oppdatert ved å importere kalenderen vår til ditt eige kalenderprogram. Om du brukar Google treng du berre å trykke på Google Calendar-symbolet nede til høgre i kalendervindauget. Outlook-brukarar kan lese meir om framgangsmåten her.

Lenke for påmelding til kommande samlingar

Sist oppdatert: 5. november 2021