IT drift

Oppsummering av 2021


Faggruppa har halde fram arbeidet med å etablere eit felles kompetansegrunnlag for område innafor IT-drift, der kommunane kan ha nytte av diskusjonar og samarbeid. Arbeidet som er lagt ned i 2021 har knytt tettare band mellom driftsmiljøa i Vestland.  Faggruppa har hatt jamlege møter gjennom året, der deltakarane har delt erfaringar, diskutert utfordringar og funne gode tiltak saman.

Deltakarane i faggruppa er IT-sjefar og leiarar for interkommunale samarbeid. Eitt av måla med diskusjonane er å identifisere område fleire kommunar er opptatte av eller jobbar med, og finne fram til moglege løysingar. Noko endar opp i diskusjonar, mens andre tema blir større aktivitetar med arbeidsgrupper og innslag av eksterne bidragsytarar.

Gruppa har identifisert fleire fokusområde dei ønskjer å sjå på saman, som

For kvart av temaa etablerte dei diskusjonsgrupper med ulike ansvarlege. I 2021 starta gruppene for fildeling, backup i skya, identitetshandtering og Intune. I tillegg har faggruppa fokus på å dele informasjon frå sekretariatet i Digi Vestland. Faggruppa ser stor nytte av at informasjon om vedtak i styringsgruppa og aktivitetar som treff faggruppa blir kommunisert i møta. 

Planar for 2022

Faggruppa ser føre seg å fortsetje som tidlegare i 2022. Diskusjonsmøta som starta i 2021 vil fortsetje i 2022, og områda dei ikkje kom i gang med vil bli starta opp. Faggruppa sitt primære fokusområde vil framleis vere erfarings- og kunnskapsdeling, samt å styrke samarbeidet mellom driftsmiljøa i Vestland.

Kontakt

Jan Tenold

fagnettverksleiar

e-post: jan.tenold@bergen.kommune.no