Plan, bygg og geodata

Framside / Årsoppsummering 2021 / Plan, bygg og geodata

Oppsummering av 2021


I 2021 har faggruppa hovudsakleg fokusert på etableringa av eit fellesprosjekt for kommunar som ønskjer eller er i anskaffing av løysing for eByggesak og ePlansak. 26. januar gjennomførte vi eit webinar i samarbeid med KS, Direktoratet for Byggkvalitet (DiBK) og Kartverket. Webinaret handla om digitalisering av plan- og byggesaksprosessen. Dette vart følgt opp med eit nytt webinar 28. april, der systemleverandørar for eByggesak og ePlansak var inviterte til å presentere deira løysingar. På bakgrunn av dei to webinara, er det frå hausten 2021 etablert eit fellesprosjekt med formål å akselerere innføringa av løysingar for eByggesak og ePlansak (sjå eiga årsmelding).

I tillegg til fellesprosjektet for eByggesak og ePlansak, har faggruppa gjennomført følgjande aktivitetar:

Planar for 2022

Faggruppa vil vidareføre aktivitetane knytte til fellesprosjekt for eByggesak og ePlansak i 2022. Planlagde leveransar er blant anna ei felles innføringshandbok. I tillegg ser prosjektet på moglegheiter for å etablere nettverk mellom kommunar i regionen basert på val av systemleverandør.

Ytterlegare tiltak og planar blir vurderte fortløpande, og faggruppa vil fortsetje med månadlege digitale møte.

Kontakt

Arne Magne Håvardsun

Leiar av faggruppa

e-post: Arne.Havardstun@bergen.kommune.no 

Steinar Hjelset

kontaktperson

e-post: steinar.hjelset@karabin.no