Faggruppe for plan, bygg og geodata
Framside / Portefølje / Faggrupper / Faggruppe for plan, bygg og geodata
Om faggruppa
Bakgrunn og formål
Store nasjonale prosjekt innanfor dei tekniske områda vil påverke våre kommunar i tida framover. Dette er løysingar som bidrar til å forenkle og forbetre kommunanes moglegheiter til å sikre gode plan- og byggesaksprosessar og betene innbyggjarar og næringsliv.
Dei nye digitale tenestene krev tilpassingar i tekniske løysingar og infrastruktur, men vil også påverke kommunens arbeidsprosessar og samhandlinga med innbyggjarar og næringsliv. Dette vil ha betydning for måten tenestene organiserast på og skal bidra til ein meir effektiv saksbehandling i kommunane.
Faggruppe for plan, bygg og geodata er etablert med eit formål om å bidra til eit kollektivt lyft innan fagområdet for å sikre kompetansebygging, utvikling av felles verktøy og mottak og innføring av nasjonale løysingar. Arbeidet skal skje i tett samarbeid med andre faggrupper, prosjekt og andre regionale initiativ innanfor Digi Vestland.
Aktivitetar
Faggruppa møtes gjerne digitalt, ein gong kvar månad. I tillegg bidrar gruppa i det regionale prosjektet Digital dialog og sjølvbetening.
Organisering
Alle kommunar i regionen er invitert til å delta i faggruppa, som er koordinert av Bergen kommune.

Aktuelt
ePlansak og eByggesak
Det vart gjennomført eit webinar 22. april 2022.
Så status fra webinaret under!
Nettverk for digitalt planregister
Faggruppa har sett behovet for å opprette eit nettverk for samhandling og kunnskapsdeling om digitale planregister. Fullstendige planar og planregister er sentrale brikker i grunnmuren for gode digitale tenester innanfor plan-, bygg- og geodataområdet.
Tiltaksplan

Kontakt
Leiar av faggruppa
Arne Magne Håvardstun
E-post: Arne.Havardstun@bergen.kommune.no
Gruppemedlemmer
Faggruppa består av representanter frå kommunane i Digi Vestland. Klikk her for å sjå oversikta.
Kalender
Faggruppe for plan, bygg og geodata sin kalender
Her finn du oversikta over tidlegare og kommande samlingar i Faggruppe for plan, bygg og geodata. Klikk på den enkelte kalenderoppføringa for detaljar og saksdokument. For å sjå aktivitetar langt fram i tid må du trykke på «Søk etter flere» eller bla deg nedover i kalenderen for at oppføringane skal bli synlege.
Ønskjer du sjå oppføringane direkte i kalenderen din? Hald deg oppdatert ved å importere kalenderen vår til ditt eige kalenderprogram. Om du brukar Google treng du berre å trykke på Google Calendar-symbolet nede til høgre i kalendervindauget. Outlook-brukarar kan lese meir om framgangsmåten her.
Lenke for påmelding til kommande samlingar
Sist oppdatert: 19. april 2022