Tenestedesign, prosessmodellering og gevinstrealisering

Framside / Årsoppsummering 2021 /Tenestedesign, prosessmodellering og gevinstrealisering

Oppsummering av 2021


Det har ikkje vore aktivitet i faggruppa i 2021, men sekretariatet har brukt hausten til å leggje planar for oppstarten av ei revitalisert og reorientert faggruppe i 2022. Det inneber blant anna moglegheitene og behovet for aktiv deltaking i prosjekt for innføring av nye system og løysingar i kommunane.

Planar for 2022

Vi skal først og fremst fokusere på å revidere mandatet og starte opp att faggruppa

Digitalisering og digital transformasjon krev nye måtar å jobbe på, som legg vekt på involvering av tilsette og brukarar. Faggruppa skal vere eit kompetansedelingsnettverk der metodikk innanfor tenestedesign bidreg til å utvikle brukarorienterte og heilskaplege tenester.

Digitaliseringsutvalet i Vestland (DuVe) gitt innspel om å identifisere kompetansebehovet knytt til metodikk brukt ved tenestedesign og prosessarbeid / endringsarbeid. Kompetansebehovet vil liggje til grunn for innhaldet i og omfanget av eit revitalisert fagnettverk.

Iren Ramsøy

kontaktperson

e-post: iren.ramsoy@bergen.kommune.no