Om faggruppa

Bakgrunn og formål


DigiVestland har som mål å nå breitt ut til kommunane. Det gjeld både innføring av nye løysingar, deling av kunnskap og kompetanse samt å hente innspel frå kommunane inn mot regionale og nasjonale styrestrukturar og satsingar.

 

Hovedstyret i KS har vedtatt ein felles plan og rammeverk for e-helseområdet som inneber at digi-nettverka (DigiVestland) skal vere den regionale aktøren som tek det heilhetlige strategiske ansvaret for å koordinera og samordna regionale aktivitetar innafor e-helseområdet. Dette inneber å sikre at regionens kommunar i fellesskap arbeider med dei nasjonalt prioriterte områda: 

Styringsgruppa i DigiVestland vedtok i sak 16/22 eit utkast til ny modell for organisering for arbeidet med e-helse, i tråd med Felles plan og rammeverk. Sekretariatet i DigiVestland jobbar no vidare med naudsynt tilpassing og operasjonalisering av strukturen.

Det er etablert eit regionalt fag- og prioriteringsutval, beståande av arbeidsutval for KS sine helseleiarnettverk i regionen. Meir informasjon, oppdatert mandat og deltakarar vil gjerast tilgjengeleg så snart dette er klart.

Kristin Brekke er seksjonssjef  for e-helse området i Bergen kommune, og er leiar for arbeidet innan e-helse i DigiVestland. I tillegg er Brekke representant i den nasjonale styringsmodellen (NUIT), og også representant i det nye fag- og prioriteringsutvalet for e-helse i KS. Med seg har ho ei sekretariat for e-helse.

 

Aktivitetar

DigiVestland skal, med utgangspunkt i nasjonal portefølje, utvikla og forvalta den regional porteføljen og plan på e-helseområdet. Den regionale portefølje  forankras i tillegg i regionalt fag- og prioriteringsutvalg for e-helse.