Om prosjektet

Visjon E-helse Vestland

Alle innbyggjarane i Vestland fylke skal kunne meistre og delta i kvardagen og bu trygt, og lengst mogeleg heime med velfungerande tenester støtta av e-helse. 


Verdiar

E-helse Vestland er bygd på følgjande prinsipp:


E-helse Vestland si satsing handlar ikkje om sjølve teknologien, men om organiseringa og kompetansehevinga som må vere på plass for å ta i bruk dei teknologiske løysingane. 

E-helse Vestland skal bidra til å vere ein kraftregion for bruk av teknologi i helse- og omsorgstenestene i Vestland fylke. Krafta ligg i  at akademia, spesialisthelsetenesta, utdanningsinstitusjonar og kommunane har gått saman i eit felles utviklingsprosjekt. E- helse Vestland ynskjer også å ha eit nært samarbeid med næringslivet for å kunne løysa utfordringar. 


Bakgrunn

E-helse Vestland vart starta i 2020 som eit samarbeidsprosjekt mellom Velferdsteknologi i Sogn og Fjordane og Vestlandsprosjektet - saman om velferdsteknologi. Dei to velferdsteknologiprosjekta knytta til seg fleire samarbeidspartar som saman etablerte E-helse Vestland. Prosjektet er ein del av ein fleireårig plan der alle kommunane i Vestland fylke gradvis vert med.

Organisasjonen representerer per i dag 34 kommunar og samarbeider med Helse Førde, Helse Fonna, Helse Bergen, Helse vest IKT og IT-forum Vest. Utviklingssenterane USHT Vestland (Sogn og Fjordane), USHT Vestland (Hordaland) og USHT Fonna. Vidare er det samarbeid med akademia gjennom Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet. Det er samarbeid med statsforvaltaren og sjølvsagt brukarorganisasjonar som pensjonistforbundet, landsforeininga for hjarte- og lungesyke, fellesorganisasjonen til funksjonshemma m.fl.

Frå mars 2023 er prosjektet E-helse Vestland samordnda med Digi Vestland. Les meir om det her


Hovudmål

Prosjektet skal gjennomføre andre fase av ein fleirårig plan til 2025 der alle kommunane i Vestland fylke blir med. Prosjektet skal utvikle eit sterkt fagleg samarbeid for å samle, bygge og dele kunnskap og erfaringar som er kritiske for innføring av velferdsteknologi i kommunane. Kommunane skal vera i førarsetetet og skal implementere og ha vesentleg gevinst av velferdsteknologi. Prosjektet skal støtte kommunane i å realisere det store potensialet i bruk av velferdsteknologi som støtte til både tenestetilbydarar og tenestemottakarar i helse- og omsorgstenestene.

Hovudmålet skal realiserast gjennom følgjande sett av konkrete og målbare delmål:


E-helse Vestland skal bidra til å nå nasjonale mål og til vidareutvikling på e-helseområdet

Omgrepsbruken innan teknologi i helse og omsorg har endra seg gjennom gjennom tidene. Det har blitt brukt omsorgsteknologi og velferdsteknologi. I seinare tid er e-helse tatt i bruk fordi det femner større enn omgrepet velferdsteknologi. 

Det er nasjonal målsetjing om at velferdsteknologi skal vere satsingsområde og i aktivt bruk i alle kommunar gjennom Nasjonalt velferdsteknologiprogram (NVP). 

For å nå målet om at velferdsteknologi skal vere i aktivt bruk i alle kommunar, og vere satsingsområde, er prosjektet E-helse Vestland på mange måter ei videreføring av NVP. E-helse Vestland skal bidra til å nå målet om  at alle kommuner i Vestland skal ha innført velferdsteknologiske tenester.​

​Prosjektet skal bidra til at fylket blir meir koordinert og at kommunene får  bistand på områder dei sjølv opplever behov, for å innføre velferdsteknologiske tenester.​ ​Velferdsteknologi er ei teneste i kontinuerleg utvikling og det er difor fokus på å identifisera og  utvida tenestene til nye tenesteområder.​

​E-helse Vestland sine oppgåver handlar om tenesteutvikling og omstilling, opplæringstiltak i kommunane, dialog med brukargruppene i lokalsamfunnet, felles evaluering og kunnskapsutvikling og dermed også i stor grad kunnskapsutveksling mellom eit stort tal kommunar i nye Vestland. Målet er at tenestetilbodet skal vera mest mogeleg brukartilpassa, effektivt, av god kvalitet og i samsvar med nasjonale føringar over heile Vestland fylke. E-helse Vestland konsenterer innsatsen til brukarsida, og ikkje tekniske komponentar og infrastruktur.


Prosjektplan:

Prosjektplan E helse Vestland 2022 (PDF, 2 MB)
Prosjektplan E helse Vestland 2023 (PDF, 425 kB)


Prosjektmandat: 

Prosjektmandat E-helseVestland, versjon oktober 2022 (PDF, 461 kB)


Samarbeidsavtalar:

Samarbeidsavtale for samarbeidspartar E-helse Vestland (PDF, 228 kB)

Samarbeidsavtale for kommunar E-helse Vestland (PDF, 228 kB)


Kontakt

Kari Eidnes Bjørkheim

Prosjektleiar

Send e-post

Mobil: 97 56 20 26

Kjell Olav Bondevik

Prosjektkoordinator

Send e-post

Mobil: 92 87 27 97

Anita Lønnebakken Sævild

Prosjektkoordinator

Send e-post

Mobil: 95 98 76 40

Annette Eri Norevik

Prosjektkoordinator

Send e-post

Mobil: 47 35 71 11

Gro Helen Dyrdal Løvik

Prosjektkoordinator

Send e-post

Mobil: 97 54 50 64

Per Waardal

Prosjektkoordinator

Send e-post

Mobil: 92 84 75 77