Felles kommunal journal

Status desember 2021

I november 2021 la Felles kommunal journal (FKJ) fram eit diskusjonsunderlag, med ei overordna skildring av funksjonane dei ser føre seg at FKJ kan ha. Dei to hovuddelane består av ein plattform for lagring og deling av helseinformasjon og ein marknadsplass for aktørane i økosystemet.

Prosjektet jobbar med å hente inn informajson og å kome i dialog med alle relevante partar, og utarbeide eit nytt styringsdokument som blir lagt fram hausten 2022. I tillegg til skildringar av sjølve løysinga, vil styringsdokumentet skildre tema som informasjonssikkerheit og personvern, strategi for gjennomføring og anskaffing, kostnads- og nytteberekningar samt styring og organisering.