Kartlegging av digitale byggesøknader

Framside / Portefølje / Kartlegging av digitale byggesøknader

Bakgrunn

Digitale byggesøknader kan sendast inn til kommunen gjennom digitale byggesøknadsløysingar, eByggesøknad. Søknader sendt inn gjennom dei nasjonale søknadsløysingane blir sendt via Fellestenester Bygg, og søknadene blir sjekka opp mot nasjonale sjekklister for byggesak som er utarbeida av Direktoratet for byggkvalitet (DiBK). Søknaden sendast deretter til kommunen.

Fleire aktørar har tatt i bruk digitale søknader, og Digi Vestland sin faggruppe for plan, bygg og geodata har i denne undersøkinga samla inn tilbakemeldingar på kva erfaringar bruken av ebyggesøknad gir. Tiltaket vart avslutta i desember 2021, les rapport og erfaringar under.

Erfaringar frå bruk av digitale søknadsløysingar

Sidan hausten 2018 har profesjonelle og privatpersonar kunne sende inn digitale byggesøknader til kommunen gjennom ulike digitale søknadsløysingar. Dei digitale søknadsløysingane skal gjere det enkalre å sende inn komplette søknader, gje raskare sakshansamling og sikre likebehandling.

Dei nasjonale søknadsløysingane blir sendt inn via den digitale regelverksplattforma Fellestenester BYGG. Plattforma kontrollerer søknadane mot nasjonale sjekklister for byggesak som er utarbeida av Direktoratet for byggkvalitet (DiBK), og sender søknaden til rett kommune. På den måten blir det enklare å levere komplette byggesøknader til kommunen.

Digi Vestland sin faggruppe for plan, bygg og geodata tok våren 2021 initiativ til ei kartlegging av erfaringar knytt til bruk av dei digitale søknadsløysingane.

Alle kommunane i Vestland fekk tilsendt ei oversikt over søknader til den enkelte kommune via Fellestenester bygg for første kvartal 2021. Kommunane blei deretter bedt om å gjennomgå og notere korvidt kvar søknad hadde éin eller fleire manglar knytt til ulike forhandsdefinerte kategoriar.

11 kommunar svarte undersøkinga, og totalt 286 byggesøknadar vart gjennomgått. Resultata frå undersøkinga er samanstilt i rapporten under.

Erfaringer fra bruk av digitale byggesøknader i Vestland.pdf

Status desember 2021

Rapporten er publisert, og faggruppa vil gje ei samla tilbakemelding til direktoratet for byggkvalitet (DiBK) for det vidare arbeidet med dei nasjonale sjekklistene.

Kontakt

Steinar Hjelset

koordinator

telefon: 47824264

e-post: steinar.hjelset@karabin.no

Sist oppdatert: 22. desember 2021