Engasjement rundt rettleiarpilot i skulen

Framside / Faggrupper / Fagnettverk for oppvekst / Aktuelt / Engasjement rundt rettleiarpilot i skulen

Digi Vestland Oppvekst si arbeidsgruppe for personvern og informasjonstryggleik har, i samarbeid med KS, snart fullført piloteringa av regional rettleiarteneste for personvern og informasjonstryggleik i skulen. Piloten evaluerast i desse dagar, og det vil på bakgrunn av dette vurderast korleis ein skal ta arbeidet vidare i regionen.

Formålet med piloten

Digi Vestland har denne vinteren, i samarbeid med KS, gjennomført ei pilotering av ei regional rettleiarteneste i personvern og informasjonstryggleik. Piloten har hatt som formål å teste ut og innhente erfaringar av ei rettleiarteneste for skuleeigarar og skuleleiarar, primært knytt til anskaffing, bruk og avslutning av digitale læringsressursar.

Pilotkommunane har fått rettleiing i å:

  • kartleggje status for arbeidet med personvern og informasjonstryggleik i oppvekstsektoren

  • definere dagens utfordringar og gjere prioriterte forbetringar og endringar

  • gjennomføre og følgje opp risikovurderingar, databehandlaravtalar, protokoll m.m.

Erfaringar så langt

Arbeidsgruppa for personvern og informasjonstryggleik i Digi Vestland har saman fungert som eit rettleiarteam for pilotkommunane. Alver, Askøy, Bergen, Bjørnafjorden, Stord og Ullensvang kommune har deltatt i arbeidsgruppa, i tillegg til personvernombodet i IKT-samarbeidet SYSIKT. Askvoll, Bømlo og Voss kommune har deltatt som pilotkommunar. Det har blitt arrangert både fysiske og digitale arbeidsmøte, blant anna ei fysisk heildagssamling på Flesland 17. mars.

I tillegg til rettleiarmøta, har representantar frå piloten deltatt på KS sitt webinar om korleis ein kan nå heilt ut i klasserommet med personvern og informasjonstryggleik. Her vart det blant anna delt erfaringar frå rettleiarpiloten og det å samarbeide på tvers av kommunane i Digi Vestland. Opptaket av webinaret er tilgjengeleg på KiNS si youtube-kanal.

Vegen vidare

Det gjennomførast i desse dagar ei evaluering av piloten, og på bakgrunn av dette vil fagnettverket vurdere korleis strukturen og arbeidsforma kan vidareførast i regionen. Det vurderast blant anna korleis fleire kommunar kan kople seg på arbeidet.

Vi takkar alle deltakarane for god innsats og stort engasjement!