Ferdigstilt pilot av rettleiarteneste

Framside / Portefølje /Faggrupper / Fagnettverk for oppvekst / Aktuelt / Ferdigstilt pilot av rettleiarteneste

Rettleiarpiloten i regi av fagnettverk for oppvekst og KS er no fullført. Fagnettverket ser no på moglegheitene for å vidareføre rettleiartenesta som del av dei ordinære aktivitetane for nettverket.

Pilot av rettleiarteneste

Digi Vestland vart hausten 2021 spurt av KS om å delta i ei pilot av ei regional rettleiarteneste for skuleeigarar knytt til innkjøp, bruk og avslutning av digitale læringsressursar. I dette inngår mellom anna rutinar rundt innkjøp, databehandlaravtalar, risikovurderingar, personvernkonsekvensvurderingar, behandlingsprotokoll og liknande.

Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Stord, SYSIKT (v/ personvernombodet) og Ullensvang har deltatt som rettleiarar, medan Askvoll, Bømlo og Voss har mottatt rettleiing. Alver, Askvoll og Bømlo har òg presentert erfaringane sine frå piloten på årets e-Kommune i Oslo og NKUL i Trondheim.


Kva har fungert bra og kva kan gjerast betre?

Piloten vart fullført ved utgangen av mai 2022, og det er utarbeidd ein eigen evalueringsrapport med kva som har fungert bra og kva som kan gjerast betre. Generelt sett er deltakarane godt fornøgd med gjennomføringa, og rapporterer auka kompetanse langs alle kompetansemål. Spesielt blir det trekt fram at piloten har gitt gode verktøy for å kartlegge og prioritere arbeidet med personvern og informasjonstryggleik i eigen kommune.


Vidareføring i Digi Vestland

Fagnettverket ser no på moglegheitene for å vidareføre rettleiartenesta som del av dei ordinære aktivitetane for nettverket frå hausten av. Nye kommunar vil i så fall få høve til å delta i ein ny runde av rettleiartenesta. Digi Vestland vil òg sjå på moglegheitene for å vere utviklingspartnar for vidare utbreiing av rettleiartenesta i andre digitaliseringsnettverk. Fagnettverket kjem tilbake med meir informasjon etter kvart som dette blir avklart.